Skeise-VM 1959 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1959 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 14. og 15. februar 1959. 45 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Juhani Järvinen frå Finland vart verdsmeister framom landsmannen Toivo Salonen. Sistnemnde vann 1500-meteren, medan Gennadij Voronin frå Sovjetunionen gjekk fortast på 500 meter, Jan Pesman frå Nederland vann 5000 m og norske Knut Johannesen 10000 m.

Skeise-VM 1959[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Juhani Järvinen Flag of Finland.svg Finland 190,155
Sølv Toivo Salonen Flag of Finland.svg Finland 190,837
Bronse Robert Merkulov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 191,015
4 Knut Johannesen Flag of Norway.svg Noreg 191,227
5 Jan Pesman Flag of the Netherlands.svg Nederland 191,652
6 Torstein Seiersten Flag of Norway.svg Noreg 192,363
7 Oleg Gontsjarenko Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 192,490
8 Roald Aas Flag of Norway.svg Noreg 194,097
9 Wang Jinyu Flag of the People's Republic of China.svg Kina 194,173
10 Kees Broekman Flag of the Netherlands.svg Nederland 195,413

Dato: 14./15. februar 1959

Kjelder[endre | endre wikiteksten]