Skeise-VM 1978 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1978 for kvinner fann stad i Helsinki i Finland helga 4. og 5. mars 1978. 31 utøvarar frå 13 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Tatjana Averina frå Sovjetunionen vart verdsmeister framom landskvinna Galina Stepanskaja. Averina stod for bestetidene på 1500 meter og 1000 meter, medan landskvinna Valentina Golovenkina gjekk snøggaste 500-meteren og austtyske Marion Dittmann var sterkast på 3000 m.

Skeise-VM 1978[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Tatjana Averina  Sovjetunionen 186,891
Sølv Galina Stepanskaja  Sovjetunionen 187,218
Bronse Marion Dittmann  Aust-Tyskland 187,760
4 Bjørg Eva Jensen  Noreg 188,381
5 Valentina Golovenkina  Sovjetunionen 188,546
6 Sylvia Burka  Canada 189,254
7 Sylvia Filipsson  Sverige 189,541
8 Lisbeth Korsmo  Noreg 190,067

Dato: 4./5. mars 1978

Kjelder[endre | endre wikiteksten]