Skeise-VM 1984 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verdsmeisterskapen på skeiser 1984 for kvinner fann stad i Deventer i Nederland helga 28. og 29. januar 1984. 33 utøvarar frå 10 land deltok i stemnet, av dei einast ein frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Karin Enke frå Aust-Tyskland fekk bestetid på dei tre fyrste distansane og vart verdsmeister framom tittelforsvarar Andrea Mitscherlich som sigra på den avsluttande 5 000-meteren.

Skeise-VM 1984[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Karin Enke Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 175,510
Sølv Andrea Ehrig-Mitscherlich Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 176,980
Bronse Gabi Schönbrunn Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 181,063
4 Natalja Petrusjova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 181,765
5 Sabine Brehm Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 182,079
6 Olga Plesjkova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 182,839
7 Natalja Sjive-Glebova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 183,255
8 Valentina Lalenkova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 183,438
9 Bjørg Eva Jensen Flag of Norway.svg Noreg 183,698

Dato: 28./29. januar 1984

Kjelder[endre | endre wikiteksten]