Skeise-VM 1994 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1994 for menn vart avvikla på Ruddalens idrottsplats i Göteborg helga 12. og 13. mars. 34 utøvarar frå 18 land deltok i meisterskapen, av dei tre frå Noreg.

Johann Olav Koss frå Noreg vart verdsmeister for tredje gong, og er pr 2020 den siste norske verdsmeisteren i full firkamp. Koss var også bestemann på 1500 meter og 10 000 m. Nederlendaren Ids Postma, som vart andremann i meisterskapen, leia etter 500-meteren, medan norske Kjell Storelid fekk bestetid på 5 000 m.

Skeise-VM 1994[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Johann Olav Koss  Noreg 167,233
Sølv Ids Postma  Nederland 168,457
Bronse Rintje Ritsma  Nederland 168,566
4 Keiji Shirahata  Japan 168,976
5 Hiroyuki Noake  Japan 169,054
6 Kjell Storelid  Noreg 170,027
7 Andrej Anufrijenko  Russland 170,137
8 Bart Veldkamp  Nederland 170,323
9 Steinar Johansen  Noreg 170,780

Dato: 12./13. mars 1994

Kjelder[endre | endre wikiteksten]