Rintje Ritsma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Rintje Ritsma
Rintje Ritsma (2006).jpg
Fødd 13. april 1970
Lemmer
Rintje Ritsma på Commons

Robert Rintje Ritsma (fødd 13. april 1970) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Lemmer. Han vann seks europameisterskap og fire verdsmeisterskap i firkamp. I tida 1992-2003 stod han på pallen etter ni verdsmeisterskap og ti europameisterskap. Ritsma tok til saman seks OL-medaljar i leikane 1994, 1998 og 2006, men vart aldri olympisk meister. Derimot vann han gull på 1500 meter og 5 000 m under VM 1997 i enkeltløp.

Frå 1994 til 1999 sette Ritsma to verdsrekordar på 1500 m og like mange i firkamp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]