Skeise-VM 2004 i sprint-firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen 2004 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 17. og sundag 18. januar i Nagano i Japan. Meisterskapen var den 35. i sprint-firkamp. 62 utøvarar, 33 karar og 29 kvinner, deltok i meisterskapen.

Erben Wennemars frå Nederland vann begge 1000-meterane og vart verdsmeister. Fjorårsvinnaren Jeremy Wotherspoon frå Canada gjekk fortast av alle på den fyrste 500-meteren, nederlendaren Gerard van Velde på den andre. Marianne Timmer syrgde for at det vart nederlandsk triumf også i kvinneklassa. Japans Sayuri Osuga vann den fyrste 500-meteren, Kinas Wang Manli den andre. På dei to 1000-meterane stod tyske Anni Friesinger for bestetida både laurdag og sundag.

Verdsmeisterskapen 2004 i skeise-sprint/Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Erben Wennemars  Nederland 140,755
Sølv Jeremy Wotherspoon  Canada 140,970
Bronse Mike Ireland  Canada 141,010
4 Gerard van Velde  Nederland 141,150
5 Kip Carpenter  USA 141,795
6 Casey FitzRandolph  USA 141,975
7 Hiroyasu Shimizu  Japan 142,030
8 Janne Hänninen  Finland 142,070
9 Masaaki Kobayashi  Japan
Dmitrij Lobkov  Russland 142,520
11 Beorn Nijenhuis  Nederland 142,620
12 Pekka Koskela  Finland 143,255
13 Takaharu Nakajima  Japan 143,440
14 Yu Fengtong  Kina 143,550
15 Joey Cheek  USA 143,685

Dato: 17./18. januar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]