Skeise-VM 2016 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2016 i firkamp vart avvikla i Calgary i Canada helga 5. og 6. mars. 24 menn og like mange kvinner frå 15 ulike land deltok i meisterskapen.

Sven Kramer frå Nederland vart verdsmeister for åttande gong, og Martina Sáblíková frå Tsjekkia for fjerde gong. Begge verdsmeistrane sigra også på dei to lengste distansane. Russaren Denis Juskov gjekk fortast av alle på 500 m, norske Sverre Lunde Pedersen vann 1500-meteren. I kvinneklassa fekk Miho Takagi frå Japan bestetid på 500 m og nederlandske Ireen Wüst på 1500 meter.

Dei norske deltakarane vart nummer 2 Sverre Lunde Pedersen, 4 Håvard Bøkko, 9 Ida Njåtun, 10 Simen Spieler Nilsen og 23 Sofie Karoline Haugen.

Skeise-VM 2016[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sven Kramer  Nederland 148,995
Sølv Sverre Lunde Pedersen  Noreg 149,483
Bronse Jan Blokhuijsen  Nederland 149,672
4 Håvard Bøkko  Noreg 150,915
5 Ted-Jan Bloemen  Canada 151,972
6 Andrea Giovannini  Italia 152,215
7 Patrick Beckert  Tyskland 153,083
8 Konrad Niedźwiedzki  Polen 154,028
9 Haralds Silovs  Latvia 111,641
10 Simen Spieler Nilsen  Noreg 111,765

Dato: 5.–6. mars

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Martina Sáblíková  Tsjekkia 159,042
Sølv Ireen Wüst  Nederland 159,732
Bronse Antoinette de Jong  Nederland 161,380
4 Linda de Vries  Nederland 162,467
5 Misaki Oshigiri  Japan 162,737
6 Miho Takagi  Japan 163,807
7 Natalja Voronina  Russland 163,840
8 Ayaka Kikuchi  Japan 164,379
9 Ida Njåtun  Noreg 120,601

Dato: 5.–6. mars

Kjelder[endre | endre wikiteksten]