Skinnbrok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opp til høgre har Hans Strøm teikna ein fiskar med skinnbrok

Skinnbrok eller skinnbukse var underdelen til skinnhyre, og vart av mange rekna som det viktigaste plagget. Skinnbroka vart og brukt av mange etter at skinnstakken vart bytt ut med oljehyre. Ei skinnbrok var kort, og hadde vide bein. Ho skulle vere så lang at ho rekte under kneskjela, og så vid at ein kunne ta ho på og av med støvlane på.

Barka skinn av ulike dyr har vorte nytta. Unge dyr gav mjukaste lêret. Geitskinn vart rekna som betre enn saueskinn, som ikkje var like vasstett. Det var heller ikkje uvanleg å bruke kalvskinn. I Nord-Noreg brukte ein og reinskinn. Ein måtte bruke 4 geitskinn til ei brok, medan det var nok med to reinskinn. På slutten av 1800-talet vart det laga brøker av gemseskinn frå Sveits. Skinnbroka var av om lag same type langs heile kysten. Ho hadde helst splitt i sida. Han kunne og vere i fronten. Ho vart lukka med knapp eller spenne. Liksom resten av skinnhyre måtte skinnbroka godt smørjast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]