Skjold kyrkje i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skjold kirke i Bergen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°18′22″ N 5°20′2″ E

Skjold kyrkje
kyrkje
Skjold kirke, Bergen.jpg
Skjold kyrkje
Foto: Frode H. Korneliussen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Fana
Sokn Skjold
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Peder A. Ristesund
Material Betong
Innvigd 5. april 1998
Klokker Tre klokker frå O. Olsen & Søns klokkestøperi, Nauen i Tønsberg 1998
Døypefont Diabasstein med rennande vatn, laga av kunstnaren Marit Lyckander.
Altartavle Glasmåleri av Gunnveig Nerol, Gol 1998
Orgel K. Scheffler, Tyskland 2000
Sitjeplassar 500
Wikimedia Commons: Skjold kirke, Bergen

Skjold kyrkje er ei kyrkjeSkjold i bydelen Fana i Bergen kommune. Ho vart teke i bruk i 1998 og er teikna av Peder A. Ristesund. Skjold kyrkje er soknekyrkje for Skjold sokn og frå midten av 1960-åra og fram til kyrkja stod ferdig hadde kyrkjelyden halde gudstenester i gymsalen på Skjold skole.

Skjold kyrkje, inngangssida

Kyrkja har langskipform og frå koret er det bygd eit utbygg mot sør. Kyrkja har symmetriske høgstilte sidevindauge, medan alterpartiet har vindauge ført ned til bakkenivå.

Kyrkja har plass til 280 menneske, og sjølve kyrkjerommet er skilt frå to kyrkjelydsrom som tar respektive 150 og 70 menneske. I tillegg er det fleire administrative einingar tilknytt kyrkjebygget og det totale golvarealet er 1510 m².

Sokkeletasjen er bygd i betong med tilfluktsrom, medan første etasje er i armert betong. Berande søyler i tegl står rundt atriet.

Orgelet vart bygd av Orgelwerkstatt Christian Scheffler og innvigd i desember 2000. Det har 23 stemmer og 1408 piper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]