Slettebakken kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°21′10.206″N 5°21′25.254″E

Slettebakken kyrkje
Slettebakken kirke
Slettebakken kirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Fana prosti
Sokn Slettebakken
Stad Slettebakken
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Tore Sveram
Material Betong
Innvigd 20. desember 1970
Klokker 2 klokker frå O. Olsen & Søns klokkestøperi, Nauen, Tønsberg
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Dekorasjon, kross
Orgel J.H. Jørgensens orgelfabrikk
Sitjeplassar 600
Wikimedia Commons: Slettebakken kirke

Slettebakken kyrkje er ei utradisjonelt utforma kyrkje frå 1970 som står på Slettebakken ved Tveitevatnet i Årstad bydel i Bergen. Kyrkja er soknekyrkje for Slettebakken kyrkjelyd i Fana prosti. Kyrkjebygget er ei listeført kyrkje og er godt synleg frå ei reise med Bybanen.

Kyrkja blei til etter at arkitekten Tore Sveram vann ei lokal tevling med forslag til utforming av ei ny kyrkje på Slettebakken. Tevlinga vart halden av Bergen arkitektforening i 1963. Tore Sveram var særleg inspirert av japanske Kenzo Tange som hadde teikna Mariakyrkja i Tokyo. Forslaget til Sveram vart rekna som radikalt, men fekk stønad frå kyrkjelyden på Slettebakken. [1]

Kyrkja er bygd med eit 11 centimeter tjukt skaltak i betong. Sjølve kyrkjerommet blir dominert av mykje rå betong og metall som materiale og ei kraftig betongberesøyle til taket. [2] Slettebakken kyrkje husar ein aktiv kyrkjelyd som driv mange aktivitetar. [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]