Skyforger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skyforger

Aktiv1995–
Sjangerfolk metal
PlateselskapMetal Blade Records, Beverina Productions, CD-Maximum, Folter Records, Gailītis-G, Mascot Records, Moon Records

Skyforger er eit svartmetallband frå Latvia som spelar ei form for svartmetall som ofte blir kalla folkemetall, eller folk metal. Bandet blei danna i 1995 og har gitt ut fem fullengdarar, og av dei er den eine ei nyinnspeling av den første demoen deira frå 1997. Musikken dei spelar er sterkt påverka av folkemusikk, noko ein lett kan høyra ut frå bruken av tradisjonelle folkeinstrument og folketonar.

Albumet Zobena Dziesma ('Sverdsongar'), som vart utgitt i 2003, består berre av latviske folkeviser. Eit gjennomgåande tema i tekstane er og lokalhistorikk og lokal naturreligion, noko som minnar om kva det norske bandet Windir gjorde. Dei to banda har elles ulike musikalske uttrykk. Skyforger er eit av Europas mest kjende band innan sin sjanger, men har nok størst oppslutning i Latvia ettersom dei fleste tekstane er på morsmålet deira.

Enkelte har sett på Skyforger som nazistisk musikk på grunn av deira sterke «nasjonalromantiske» preg, og at logoen deira inneheld eit symbol som minner om solkrossen. I røynda har dette symbolet snarare med folklore å gjere, ettersom krossen i baltisk tradisjon er eit symbol på [[]]tore, og kan difor sjåast i samanheng med bandnamnet. Bandet sjølv avviser alle skuldingar som set dei i nynazistisk lys.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • Peter - Gitar, vokal og tradisjonelle instrumenter
  • Rihards - Gitar
  • Edgar «Zirgs» - Bassgitar, støttevokal og tradisjonelle instrumenter
  • Edgar «Mazais» - Trommer og perkusjon
  • Kaspars - Tradisjonelle instrumenter og støttevokal

Utgitte plater[endre | endre wikiteksten]

  • Semigall’s Warchant (1997) (demo)
  • Kauja pie Saules (Battle of the Saule) (1998)
  • Latviešu Strēlnieki (Latviske Riflemenn) (1999)
  • Pērkonkalve (Toresmie) (2003)
  • Zobena Dziesma (Sverdsongar) (2003)
  • Semigalls' Warchant (2005) (Nyutgjeving av '97-demoen med fire ekstra songar)
  • Kurbads (2010)
  • Senprūsija (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]