Slaget ved Alvøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Alvøen på eit samtidig prospekt

Slaget ved Alvøen var eit sjøslag som vart utkjempa i Vatlestraumen ved Alvøen mellom ein britisk fregatt og ein norsk styrke beståande av fire kanonjoller og ein kanonsjalupp den 16. mai 1808. Slaget var del av den såkalla Kanonbåtkrigen 1807-14 under Napoleonskrigane.

Den britiske fregatten HMS «Tartar» var på veg inn til Bergen for å ta i prise, eller senke, det nederlandske kaperfartøyet «Gelderland«» som hadde søkt inn til Bergen for reparasjon. Kvelden 15. mai kom det melding til Bergenhus om at ein britisk fregatt var i leia. Morgenen den 16. mai vart fem norske kanonfartøy sende ut for å møte fienden.

Slaget varte i vel ein time og enda med at fregatten flykta nordover Hjeltefjorden og til havs. Britane hadde totalt tolv falne, mellom dei skipssjefen, og skipet fekk store materielle skadar. På norsk side fall fem mann, i tillegg vart fleire såra. Slaget viste at sjølv små kanonbåtar kunne bekjempe større fartøy innanskjers langs norskekysten.

Norske sjøfolk som under tvang hadde bistått fienden vart i etterkant straffa for dette.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Alvøen i Arkivverket

Kjelder[endre | endre wikiteksten]