Slavjanka i Bulgaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gotsev Vrah (2 212 m)

Slavjanka (bulgarsk Славянка) eller Órvilos (gresk Όρβηλος), tidlegare òg kalla Alibotuş (frå tyrkisk) og Kitka Planina (Китка планина), er eit fjell på grensa mellom Bulgaria og Hellas sør i Pirinfjella. Den høgaste toppen i Slavjanka er Gotsev Vrah på 2 212 meter, og andre høge toppar her er Goljam Tsarev Vrah (2 186 m), Malak Tsarev Vrah (2 087 m), Sjabran (2 196 m) og Saljuva Dzjamija (2 027 m).

Massivet er kuppelforma med svært bratte sider. Det har utprega karstformasjonar, og over 30 grotter, som trekkjer til seg mange holeforskarar. Klimaet er påverka av Middelhavet med mest nedbør om hausten og vinteren, og forholdsvis tørre forhold om sommaren. Middeltemperaturen er høgare enn for resten av Bulgaria i same høgd. Den årlege middeltemperaturen i lågare delar av fjellet er nesten 14 °C og om lag 6 °C i høgare delar.

Slavjanka har eit rikt planteliv med meir enn 1 700 karplanter, inkludert 20 endemiske artar for Bulgaria, og fem som ein ikkje finn nokre andre stader i landet. Den lågare delen av fjellet har mykje svartfuru, medan bosnisk furu veks over 1 800 meter, og ingen stader på Balkan finn ein meir av denne tresorten enn her. Dyrelivet er typisk for både Bulgaria og Middelhavet med dyr som hjort, villsvin, hare, rev og grevling, i tillegg til sjakal og den sjeldne europeiske katteslangen. Ein finn òg fleire artar av skjelpadder og firfisler her.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]