Sleep Walk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sleep Walk
Song av Santo & Johnny
frå albumet Santo & Johnny
Utgjeve August 1959
Innspelt 1959
Sjanger Instrumental rock, surferock
Selskap Canadian-American Records
Låtskrivar(ar) Santo Farina, Johnny Farina, Ann Farina[1]
Produsent Don Costa, Leonard Zimmer

«Sleep Walk» er ein instrumental skriven, spelt inn og gjeven ut i 1959 av brørne Santo & Johnny Farina, i lag med onkelen deira Mike Dee som spelte trommer. Det vert nytta mykje steelgitar og songen vart spelt inn i Trinity Music i Manhattan i New York City. «Sleep Walk» gjekk inn på topp 40 på Billboard-lista den 17. august 1959. Han nådde toppen av lista dei siste to vekene av september. Songen nådde òg fjerdeplassen på R&B-lista.[2] Det var den siste instrumentalen som nådde førsteplassen i 1950-åra og gav Santo & Johnny ei gullplate.[3] I Storbritannia nådde songen 22. plassen på singellista der.[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Brian Setzer Orchestra spelte inn «Sleep Walk» og vann Grammy-prisen for beste popinstrumental i 1998.

«Sleep Walk» var hovudinspirasjonen til Fleetwood Mac-grunnleggjaren Peter Green då han i 1968 skreiv instrumentalen «Albatross», som vart ein stor hit. «Albatross» inspirerte igjen The Beatles ti å skrive «Sun King» på Abbey Road.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bronson, Fred (1992). Billboard Book of Number One Hits. New York, New York: Billboard Publications, Inc. s. 58. ISBN 0-8230-8298-9. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 512. 
  3. «Santo & Johnny Bio». 
  4. «Official Charts». Henta 27. februar 2018. 
  5. Rooksby, Rikky (2004). Fleetwood Mac: The Complete Guide to Their Music. Omnibus Press. s. 17. ISBN 1-844494-27-6.