Sun King
Sun King Song av The Beatles frå albumet Abbey Road | ||
Utgjeve | 26. september 1969 | |
Innspelt | 24.–25. juli 1969, EMI Studios, London | |
Sjanger | Kunstpop | |
Lengd | 2:26 | |
Selskap | Apple Records | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
Sun King er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969.
«Sun King» er den første songen av ein medley, sjølv om han er i forskjellig tone og takt enn resten av songane i medleyen. Teksten i starten songen er den same som tittelen og teksten til «Here Comes the Sun», men med ordet «King» sett inn etterpå. «Here Comes the Sun» er skriven av George Harrison, medan «Sun King» er skriven av John Lennon. Teksten er surrealistisk. McCartney som kunne ein del spansk gav Lennon teksten på spansk til siste del av songen.
- Here comes the sun king
- Here comes the sun king
- Everybody's laughing
- Everybody's happy
- Here comes the sun king
Seinare går songen over i moll med eit orgel i bakgrunnen og vokalen bryt inn i ei merkeleg blanding av romanske språk som italiensk, spansk og portugisisk, meir sangbart enn meiningsfylt:
- Quando paramucho mi amore de felice carathon
- Mundo paparazzi mi amore cicce verdi parasol
- Questo abrigado tantamucho que canite carousel
Den siste setninga er typisk Lennon-aktig nonsens, Cuesto obrigado, tanta mucho, que carousel, som på engelsk vert omsett til This Thanks, Very Much, Cake and Eat It, Dearest Sun.
Songen er i ein tredel harmoni mellom John Lennon, Paul McCartney og George Harrison, tilsvarande det som vart gjort på songen «Because» frå tidlegare på albumet. På slutten av songen stoppar musikken brått når Ringo Starr starta trommene som leier inn mot neste song, «Mean Mr. Mustard».
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- John Lennon – solo-, harmoni-, og korvokal, elektrisk gitar, maracas
- Paul McCartney – harmoni-, og korvokal, bassgitar, lydbandsløyfer
- George Harrison – harmoni-, og korvokal, elektrisk gitar
- Ringo Starr – trommer, bongos, tamburin
- George Martin – Lowrey orgel
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen er òg blitt spelt av og Booker T. & the MGs og The Bee Gees.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sun King» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2009.