Slindebjørka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°9′40.406″N 6°56′31.729″E

Måleriet Slindebirken av Fearnley frå 1839, det best kjente av fleire bilder av dette motivet.

Slindebjørka eller Slindebirken var eit bjørketre som stod på garden Indre Slinde i Sogn til det bles ned i ein storm i 1874. Treet var eit populært motiv for nasjonalromantiske kunstnarar og diktarar.

Treet stod på Hydneshaugen, ein gravhaug frå 400-talet. Haugen blei rekna som heilag. Ifølgje tradisjonen helte gardfolket ei kanne øl over røtene til treet kvar julaftan, og det var aldri kome «kvast» (dvs. øks eller kniv) på treet.

Nasjonalromantikk[endre | endre wikiteksten]

I.C. Dahl sitt vinterbilde av Slindebirken frå 1838. Heng no i Ny Carlsberg Glyptotek

I norsk nasjonalromantisk kunst på første halvdel av 1800-talet var Slindebjørka eit populært motiv. Nærleik til slagstaden på Fimreite i fjorden gav også staden appell til nasjonalromantikarane.

Ho blei måla av Thomas Fearnley, I.C. Dahl og Johannes Flintoe.[1] I.C. Dahl måla sitt første bilde av treet i 1831. I dette bildet la han til ein bautastein, sjølv om det ikkje finst nokon slik stein på denne staden på Slinde.[2] Fearnley måla sitt kjende bilde Slindebirken i 1839.[3] Han var truleg inspirert av I.C. Dahl og Caspar David Friedrich, og bildet var send inn som prøvearbeid for å bli medlem av direksjonen ved Den kongelige Tegneskole, som også var direksjon for Nasjonalgalleriet. Fearnley-bildet «Slindebirken» blei motiv for eit frimerke gjeve ut av Posten i 1972.

Johan Sebastian Welhaven skreiv diktet «Det fredede træ» om Slindebjørka.[4]

Ved Sognefjorden paa gaarden S l i n d e,
der er den stolteste birk at finde;
paa Hydneshoug, over kjæmpens ben,
strækker den vidt sin kraftige gren
og holdes i ære
og kan sin alder mod skyen bære

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Slindebjørka Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane; NRK.no
  2. Per Fett (1973). Førhistoriske minne i Midhordland: ukjende funnstader : tillegg, etterord. Bergen: Historisk museum. s. 25. 
  3. Tommy Sørbø (1995). Norges nasjonalmalerier. s. 20. ISBN 8251615801. 
  4. dikt.org Det fredede træ av Welhaven

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]