Snarum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Landskap i Snarum

Snarum er ei bygd og eit kyrkjesokn i Modum i Buskerud i Viken. Bygda omfattar 97,3 km² landevidd og hadde 755 ibuarar i 1960. Snarum kyrkje og Snarum stasjon ved Krøderbanen ligg sentralt i bygda.

Fylkesveg 280 går gjennom bygda og er samband til tettstaden Vikersund, 11 km søraust om Snarum.

Amesitt, dypingitt, gedritt, hydrotalkitt, krysotil, magnesitt, mannasseitt er mineralar påvist i berggrunnen i Snarum.

Stortingsmann Kristoffer Olsen Uhlen var frå Snarum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. X. Bandet. 1964