Soúdabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Soúdabukta

Soúdabukta (gresk Κόλπος Σούδας, Kólpos Soúdas) er ei bukt og naturleg hamn på nordvestkysten av Kreta i Hellas. Bukta er 15 km lang og berre 2-4 km brei mellom Akrotírihalvøya og neset Drápano, og går frå vest til aust. Åsar ligg på begge sider av bukta med eit relativt lågt og smalt eid i vest nær Khaniá.

Nær munningen av Soúdabukta, mellom Akrotiri og byen Kalýves, ligg fleire småøyar med venetianske festningsverk. Den største øya er Soúda, som har gjeve namn til bukta. Venetianarane heldt desse strategiske øyane i over tretti år etter at Kreta hadde kome inn under Det osmanske riket. Det har vore hamner i bukta sidan antikken. Osmanarane bygde festningar ved Aptéra og Kalámi. Mykje seinare grunnla dei byen Soúda innerst i bukta, som hamn for den nærliggande byen Khaniá. Soúda er i dag ei viktig hamn for frakt og ferjer til Pireus og ein strategisk NATO-base, som særleg er passande for ubåtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]