Solør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Solør i Hedmark)

Solør er ein region i Hedmark fylke som femner Brandval sokn i Kongsvinger attåt kommunane Grue, Åsnes og Våler. I gamal tid høyrde dessutan Vinger og Eidskog med.

Det er godt jordbruksland etter Glåma i Solør, og regionen er av dei største potetdistrikta i landet. Området er elles særmerkt av store skogområde både vestan Glåma og aust mot svenskegrensa, der det er store moreneavsetnader og gruslægje. Her er det gode høve til friluftsliv, jakt og fiske. Det er aktivt fiske etter røyr i sjøen Skasen om vinteren. Våtmarkene ved Glåma og sideelvane er gode klekkjeområde for mygg, særleg rundt tettstaden Flisa.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Lokal nedervd uttala er [²sɔːɽer], i grannebygdene [²søːɽi].[1] I dag er leseuttala [²suːɽør] vanleg. Namnet kjem av gamalnorsk Soløyjar eller Soleyjar, der førelekken sol vel tyder ‘søyla’, ‘søla’, og øyjar er fleirtal av øy i tydinga ‘land ved vatn’; heile namnet peikar då på dei fløymde flatene etter Glåma.

Ein person frå Solør vert kalla ein solung. Same namnet vert nytta om målføret.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Etter Ynglingesoga var det Solve gamle som bygde i Solør fyrst. Arkeologiske funn tyder på busetnad i Solør i sein jarnalder og vikingtid, særleg i Grue og Hof. Hof var hovstad i vikingtida. Barnebarnsbarnet til Solve gamle, Halvdan Gulltann, gifte bort dotter si (Solveig eller Solva) til Olav Tretelgja frå Vermland. Soleis kom Ynglingeætta til Noreg, framleis etter Snorre. Son til Olav og Solva het Halvdan Kvitbein. Han voks opp hjå morfar sin i Solør og vart ein mektig konge som la under seg mykje av Hedmarken, Toten, Hadeland og Vestfold. Halvdan Kvitbein var ættefar til Halvdan Svarte.

Solør vart stundom rekna under Raumarike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Red. Jørn Sandnes og Ola Stemshaug (1997, 3. opplag 2007) Norsk Stadnamnleksikon (4. utgåve) Det Norske Samlaget ISBN 978-82-521-4905-0