Songen Conquest of Paradise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Conquest of Paradise
Singel av Vangelis
frå albumet 1492: Conquest of Paradise
B-side «Moxica and the Horse»
Utgjeve 1992
Innspelt 1992
Sjanger Elektronisk, moderne klassisk, ambient
Lengd 4:47
Selskap EastWest
Låtskrivar(ar) Vangelis
Produsent Vangelis

«Conquest of Paradise» er ein song frå 1992 av Vangelis. Han vart spelt inn for Ridley Scott-filmen 1492: Conquest of Paradise[1] og var den første singelen frå albumet med same namn. Songen vart ein stor suksess i mange land, mellom andre Belgia, Nederland, Tyskland og Sveits, der han toppa listene. I Storbritannia nådde han berre 33. plassen. Songen vart særs populær i Tyskland etter at boksaren Henry Maske nytta songen som kjenningsmelodi.[2]

Songen er ofte blitt nytta ved forskjellige idrettsarrangemnet.

Songen er blitt spelt inn av mange andre artistar, som Blake, Klaus Schulze, Free the Spirit, Vienna Symphonic Orchestra Project, John Williams og Boston Pops Orchestra (1996), Daylight (1997), Dana Winner (2002), The Ten Tenors (2004) og Rhydian (2009).

Akkordprogresjonen er basert på den klassiske temaet La Follia.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD-singel
# Tittel Lengd
1. «Conquest Of Paradise»   4:47
2. «Moxica And The Horse»   7:12
CD maxi-singel
# Tittel Lengd
1. «Conquest Of Paradise»   4:47
2. «Moxica And The Horse»   7:12
3. «Line Open»   4:43
4. «Landscape»   1:37

Dei to songane «Line Open» og «Landscape», er ikkje med på albumet.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Gjennom heile songen vert teksten på pseudo-latin repterert fleire gonger:[3]

In nòreni per ìpe,
in noreni coràh;
tiràmine per ìto,
ne dominà.

Ein gong er refrenget:

Ne ròmine tirmèno,
ne ròmine to fa,
imàgina pro mèno per imentirà

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Kor: The English Chamber Choir
  • Komponert og arrangert av Vangelis
  • Kordirigent: Guy Protheroe
  • Produsert av Frederick Rousseau
  • Innspelt og miksa av Philippe Colonna, ved Epsilon Laboratory i Paris

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1992/93) Plassering
Franske SNEP [4] 12
UK Singles Chart[5] 60
Liste (1994) Plassering
Tyskland[6] 1
Liste (1995) Plassering
Austerrike[4] 2
Belgia (Flandern)[4] 1
Belgia (Wallonia)[4] 5
Nederlandsk Top 40[7] 1
Sveits[4] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. King, Alex P. (2004). Hit-parade — 20 ans de tubes (på fransk). Paris: Pascal. s. 341. ISBN 2-35019-009-9. 
  2. swisscharts.com (de) (Henta 9. september 2014)
  3. Vangelis lyrics: 1492, Conquest of Paradise
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 "Conquest of Paradise», in various singles charts Lescharts.com (Henta 26 December 2008)
  5. UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 26 December 2008)
  6. «Vangelis singles, German Singles Chart» (på German). musicline. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/Vangelis/single. Henta 13. september 2014. 
  7. «Single top 100 over 1995» (på Dutch) (pdf). Top40. http://www.top40.nl/pdf/Top%20100/top%20100%20-%201995.pdf. Henta 13. september 2014.