1492: Conquest of Paradise av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
1492: Conquest of Paradise
Filmmusikkalbum av Vangelis
Utgjeve 1992
Innspelt 1992
Sjanger New-age, elektronisk
Lengd 54:44
Selskap Atlantic/WEA
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
The City
(1990)
1492: Conquest of Paradise Blade Runner
(1994)


1492: Conquest of Paradise er eit filmmusikkalbum frå 1992 av den greske musikaren Vangelis. Filmen handlar om reisa Christopher Columbus gjorde til Amerika i 1492 og var regissert av Ridley Scott, som Vangelis tidlegare hadde skrive musikk for med Blade Runner, i 1982. Albumet og singelen «Conquest of Paradise» fekk eit nytt oppsving i 1995 av forskjellige årsaker og braut mange salsrekordar.[1]

Mykje musikk som vart nytta i filmen finst ikkje på albumet, og fleire av spora på albumet er heller ikkje å høyre i filmen, eller er på albumet i ei anna form.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk komponert av Vangelis.

# Tittel Lengd
1. «Opening»   1:21
2. «Conquest of Paradise»   4:47
3. «Monastery of La Rábida»   3:39
4. «City of Isabel»   2:16
5. «Light and Shadow»   3:46
6. «Deliverance»   3:28
7. «West Across the Ocean Sea»   2:53
8. «Eternity»   1:59
9. «Hispañola»   4:56
10. «Moxica and the Horse»   7:06
11. «Twenty Eighth Parallel»   5:14
12. «Pinta, Niña, Santa María (Into Eternity)»   13:19

Fleire stykke kan identifiserast i filmen, men det er klårt at Scott føretrekte «Hispañola» (spor 9) til å setje tonen for filmen, i staden for «Conquest of Paradise» (spor 2).

CD-utgåva vart gjeve ut med to forskjellige plateomslag.

Det vart òg gjeve ut ein EP med fire spor. To av spora var ikkje med på albumet:

Alle songar er skrivne av Vangelis. 

EP
# Tittel Lengd
1. «Conquest of Paradise»   4:47
2. «Moxica and the Horse»   7:06
3. «Line Open»   4:43
4. «Landscape»   1:37

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Vangelis spelar i lag med fleire andre artistar på dette albumet, mellom anna to flamenco-gitaristar og vokalistar, fiolin, mandolin og fløyter. Som på fleire tidlegare album syng English Chamber Choir, dirigert av Guy Protheroe, korpartia.

Lydteknikk og koordinering vart gjort av den franske musikaren Frederick Rousseau (som òg er kjend for samarbeidet sitt med Jean Michel Jarre), som hadde vore studiopartnar med Vangelis sidan 1980-åra og fram til Alexander-albumet.

Vangelis spelar alle synthesizerar. Somme rolegare, atmosfæriske stykke, som spor 3, 7, 11 og 12, er framført heilt aleine av Vangelis.

For den etniske musikken rådførte Vangelis seg med den franske spesialisten Xavier Belanger, som hadde gjort liknande for andre artistar, som Jean Michel Jarre.

Det vart filma eit klipp i Paris med Vangelis i hans Epsilon Studios, då korpartia vart spelt inn.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Tre av songane på albumet inneheld tekst. På «Monastery of La Rabida» og «Deliverance» syng koret to latinske salmar («De Profundis» og «Dies Irae»). På «Conquest of Paradise» nytta Vangelis eit pseudo-latinsk språk.[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]

Både albumet og EPen selde dårleg då det kom ut i 1992, men fekk suksess tre år seinare i 1995. Den tyske boksaren Henry Maske tittelsporet «Conquest of Paradise» som introduksjonssong føre boksekampar. Då han vart verdsmeister for IBF fekk stykket merksemd verda over og det vart gjeve ut på singel.[4]

Albumet klatra til topps i fleire land, som Austerrike, Nederland, Noreg, Sveits og Tyskland.[5] Det selde til gull- eller platinaplate i ei rekkje land, mellom anna Tyskland.[6]

Singelen «Conquest of Paradise» nådde òg toppen av salslistene i fleire land, mellom anna ti veker på toppen av den nederlandske singellista og i Tyskland, der han selde 1,5 millionar eksemplar,[7] og åtte veker på toppen i Belgia og Sveits. I alt selde singelen over fire millionar eksemplar verda over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Elsewhere: Vangelis albums 1». Elsew.com. 15 July 2011. Arkivert frå originalen 20 July 2011. Henta 9. september 2014. 
  2. «Vangelis lyrics». Engelen.demon.nl. Arkivert frå originalen 24 July 2011. Henta 14 August 2011. 
  3. Rovi. «Review: 1492: Conquest of Paradise». Allmusic. Henta 27 October 2010. 
  4. Conquest of Paradise, swisscharts.com
  5. «Soundtrack / Vangelis – 1492 – Conquest of Paradise (album)». Austrian Charts. Henta 28 May 2013. 
  6. musikindustrie.de
  7. «Elsewhere: Earlier news update: 1996–1999». Elsew.com. Henta 14 August 2011.