Sotbjørkebille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sotbjørkebille


Sotbjørkebille
Sotbjørkebille

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Orden: Coleoptera
Familie: Tenebrioninae
Slekt: Upis
Vitskapleg namn
Upis ceramboides
(L.), 1758

Sotbjørkebille ( Upis ceramboides ) er ei 15 millimeter stor bille med svakt glinsande sotsvart farge, og eit ruglet mønster på dekkvengene.

Larvane på bjørk som er angripen av kvitrotesopp, gjerne på brannskadde tre.

Billa er utbreidd i Nord-Europa, nordlege Asia og nordlege Nord-Amerika. I Noreg er ho kjend frå Oppland, Buskerud og Hedmark. I Norsk Raudliste 2006 er ho oppført som regionalt utdøydd, men ho er seinare gjenfunnen. Likevel må ho reknast som kritisk truga.

Billa toler sterk kulde, i forsøk har ho overlevd ned til minus 76 grader celsius. Ho lever helst i barblandingsskog med gode innslag av bjørk. Ho treng kontinuerleg tilgang på rotnande ved for å overleve.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Torstein Kvamme: ««Sotbjørkebillen» Kan den reddes av skogbruket?» i Norsk Skogbruk 11/2008