Sotra skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sotrabrua som forbind Sotra med fastlandet.

Sotra (Sartor) skipreide var ei av elleve skipreider i Nordhordland,[1] oppkalla etter øya Sotra (eldre dansk skrivemåte Sartor). Ho femna om soknene (seinare også kommunane) Fjell og Sund, som har dei same grensene den dag i dag, bortsett frå att øyane Turøy og Misje først i 1964 vart lagde til Fjell frå oppløyste Herdla kommune.

Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet. 1867 vart Sotra tinglag oppløyst og erstatta av Fjell tinglag og Sund tinglag, sistnemnde òg omfattande Austevoll kommune.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]