Hopp til innhald

Misje

Misje
Geografi
StadØygarden
Koordinatar60°26′58″N 04°57′38″E / 60.44944°N 4.96056°E / 60.44944; 4.96056
Høgaste punktStorhaugen (59 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeVestland

Misje er ei øy og ein tettstad i Øygarden kommune, nord for Sotra i Vestland fylke. Tettstaden har 310 innbyggjarar per 1. januar 2024. Misje er ei lita øy, 2 km lengd frå sør til nord og 1 km brei. Øya ligg 37 kilometer nord- vest for Bergen langs bilvegen. Geografisk sett er Misje den første øya i Øygarden.

Fram til 1964 høyrde Misje med til den dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst og delt mellom fem kommunar. I lag med naboøya Turøyna gjekk Misje inn i Fjell kommune. I 2020 vart Fjell slegen saman med kommunane Sund og Øygarden til nye Øygarden kommune.

Tidlegare var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen. På delar av 1900-talet gav ein sardinfabrikk arbeid til både born, menn og kvinner.

Misje fekk bru til Sotra i 1982, og rutebåten slutta å gå. Nærbutikken og postkontoret vart nedlagt. Misje har likevel eige postnummer: 5366 Misje. Misje har også brusamband til Toftøyna i nord, og gjennomgangstrafikken til Øygarden går difor over Misje.

På Misje var det barneskule, som er nå lagt ned.[1] Skulekrinsen omfatta Turøyna og Misje. Ved gamle skulen er eit lokalmuseum, Misje museum.[2]

Folketalsutvikling for øya Misje:

1801[3] 1900[4] 2000[5] 2023[5]
14 72 227 330
  1. Bolstad, Jon (20. juni 2013), «Vedtok å leggja ned fire skular», NRK (på norsk bokmål), henta 13. februar 2024
  2. «Berekraftig vern og bruk av kulturminna i Fjell» (PDF). oygarden.kommune.no. Henta 13. februar 2024.
  3. Folketeljing 1801 for Manger prestegjeld, frå Digitalarkivet
  4. Folketeljing 1900 for Herdla herred, frå Digitalarkivet
  5. 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Misje, Anne Karin: BRO -forbindelse eller forbannelse? En studie av sosiale endringer i et lokalmiljø, Semesteroppgave etnologi grunnfag. Universitetet i Bergen 1991. Nettversjon Arkivert 2004-11-24 ved Wayback Machine.
  • Misje, Børge og Turøy, Tore: Misje bygdebok, Straume 2004.
  • Turøy, Tore: Ættesoga Misje, Straume 2001.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]