Susanne Sundfør
Susanne Sundfør | |
Fødd | 19. mars 1986 (36 år) Haugesund |
Yrke | songar, songar og låtskrivar |
Susanne Sundfør på Commons |
Susanne Aartun Sundfør (fødd 19. mars 1986) er ein rock- og folkartist frå Haugesund som skriv songar og syng sjølv.
Musikk[endre | endre wikiteksten]
Susanne Sundfør har spelt både jazz og klassisk musikk, og har utvikla ein eigen blandingsstil med element frå begge. Ho blir ofte samanlikna med musikarar som Joni Mitchell og Carole King. Sundfør har henta inspirasjon frå desse, men òg frå folk som Jeff Buckley, Radka Toneff, Ane Brun og Thomas Dybdahl.
Tekstane hennar handlar ofte om personlege opplevingar (t.d. 'Africa, America', 'Time out, time', 'It's all gone tomorrow'), eller om samfunnsspørsmål (til dømes 'Opium').
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Ho blei fødd og voks opp i Haugesund, der gjekk ho musikklinja på Skeisvang vidaregåande skule. Musikaren bur og studerer for tida i Bergen, der ho òg speler, men har òg gjort fleire opptredenar i Oslo og Haugesund. Sommaren 2005 spelte ho med Tom McRae. I februar 2006 spelte ho på Bylarm i Tromsø, i 2007 på ByLarm i Trondheim. I 2007 debuterte ho med albumet Susanne Sundfør som ho vann Spellemannprisen 2007 i klassen beste kvinnelege artist for. Ho var også nominert til denne klassa i Spellemannprisen 2010, men trekte seg. Ho grunngav dette med at ho var skeptisk til at mannlege og kvinnelege artistar vart vurderte kvar for seg. Dette året var ho også nominert i klassen Årets populærkomponist, der ho vann.
Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
- Spellemannprisen 2007 for plata Susanne Sundør i klassa Kvinneleg artist.
- Spellemannprisen 2010 for The Brothel i klassa Årets populærkomponist.
- Edvard-prisen 2011 for The Brothel i klassa Populærmusikk
Diskografi[endre | endre wikiteksten]
Studioalbum[endre | endre wikiteksten]
- Susanne Sundfør – (2007, Your Favourite Music/MBO)
- Take One – (2008, Your Favourite Music/Universal)
- The Brothel – (2010, EMI Norway)
- The Silicone Veil – (2012, EMI Norway)
Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]
- A Night At Salle Pleyel – (2011, EMI Norway)
- Singler
- Walls – (2006)
- White Foxes – (2012, EMI Norway)
- The Silicone Veil (single) – (2012, EMI Norway)
Musikkvideoar[endre | endre wikiteksten]
- «The Brothel»
- «White Foxes»
- «The Silicone Veil»
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Susanne Sundfør» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2013.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad Arkivert 2021-03-21 ved Wayback Machine.
- Side på MySpace