Hellbillies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hellbillies er ei countryrockgruppe frå Ål i Hallingdal som blei starta i 1990, og som sidan starten har hatt stor suksess. Dei har gitt ut ei rekke plater som alle har selt svært bra.

Tekstane er skrivne på nynorsknært hallingmål, og dei er om alt frå kvardagslege og jordnære ting til djupare stoff, til dømes samfunnskritikk. Dei har au samarbeidd med musikarar frå USA: Rob Hajacos frå Nashville, som spelar fele på dei fleste platene av Garth Brooks, spelar au fele på tre av platene til Hellbillies. Han har au vore to gonger i Noreg for å halde konsertar og spela inn plater saman med Hellbillies.

Bandet blei kåra til Årets spellemann under Spellemannprisen 2007 og vann i tillegg klassen country for albumet Spissrotgang. I 2008 vann dei Gammleng-prisen i klassen rock/roots.

Hellbillies er eit svært aktivt turneband, og spelar over heile landet.

Medlemer[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Sylvspente boots – 1992
Pela stein – 1993
Fekk Spellemannsprisen for beste «roots»-plate i 1993. Spela inn i Crazy Mama's Studio, Nashville.
Lakafant – 1995
Drag – 1996
Innspela i Nashville.
LIVe LAGA – 1997
Spela inn live på Down on the farm-festivalen i Østfold.
Sol over livet – 1999
Studioalbum.
Urban Twang – 2001
Selde i over 30 000 eksemplar den fyrste månaden, noko som kvalifiserte til gullplate. Spela inn i Hit Shack Studio i Austin, Texas med Stephen Bruton som produsent.
CoolTur – 2002
Niende – 2004
Røta – 2006
Samling med Hellbillies beste - live frå Rockefeller - seksarterning i VG
Spissrotgang – 2007
Var på topp på VG-lista i veke 43 og 44 i 2007, for fyrste gongen i historia til bandet. Arne Moslåtten vann Edvard-prisen for plata.

Kjende songar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.