Sigrid Moldestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrid Moldestad
Sigrid Moldestad.JPG
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fødd19. juli 1972
FødestadBreim
OpphavNoreg
Aktiv1998–
SjangerFolkemusikk
InstrumentFele, hardingfele og song
Tilknytte artistarSpindel
PlateselskapNORCD, Musikkoperatørene
PrisarFylkeskulturprisen, Hilmarprisen, Spellemannprisen i folkemusikk, Spellemannprisen i folkemusikk, Gammleng-prisen

Sigrid Terese Moldestad (fødd 19. juli 1972 på Breim i Gloppen kommune) er ein norsk folkemusikar som spelar fele og hardingfele, og syng. Musikken hennar har rot i den vestnorske folkemusikktradisjon, men har samtidig eit eige uttrykk der moderne arrangement og rytmar er viktig.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sigrid Moldestad gjekk på Firda vidaregåande skule frå 1988 til 1991, og er utdanna ved Ole Bull Akademiet (1996–1998). Moldestad arbeidde som programmedarbeidar i NRK Sogn og Fjordane og NRK P3 mellom 1993 og 1999. Ho vart frilansmusikar på fulltid i 2000, og hadde Statens arbeidsstipend for yngre folkekunstnarar i 2001 og 2002.

Samarbeidsprosjekt[endre | endre wikiteksten]

Sigrid Moldestad spela saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes i Gamaltnymalt, som fekk Spellemannprisen 2005 i klassen folkemusikk/gammaldans for debutplata Gamaltnymalt.

Moldestad spelar i duoen Spindel saman med Liv Merete Kroken og bandet deira, der Ivar Kolve, Olav Tveitane og Dagfinn Andersen også er med. Dei har gjeve ut platene Spindel og Aminje. Spindel var med Christine Guldbrandsen under Eurovision Song Contest 2006.

Saman med Kroken og Unni Løvlid utgjer ho scene- og kabarettrioen Fjøgl. Ho har også vore songsolist på oppsetningar med Breimskoret, mellom anna som Édith Piaf.

Soloprosjekt[endre | endre wikiteksten]

Sigrid Moldestad vann Spellemannprisen 2007 i klassen folkemusikk/gammaldans, for plata Taus, som var basert på musikken til felespelarar frå Nordfjord og Sunnmøre. I 2008 fekk ho kulturprisen til Gloppen kommune. I 2010 gav ho ut plata Sandkorn. I 2010 fekk Moldestad Fylkeskulturprisen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]