Spindelvevmåleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spindelvevmåleri av jomfru Maria ved domkyrkja i Chester.
Spindelvevmåleri ved domkyrkja i Chester. Bildet med ramma.

Spindelvevmåleri er ein delikat kunst der ein måler på lerret laga av edderkopp- eller kokongsilke. Netta blir samla, reinska, lagt i lag og ramma inn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spindelvevbilde (Spinnwebenbilder[1]) er fyrst gong dokumentert på 1500-talet i Puster-dalen i dei austerrikske tyrolske Alpane, utført av munkar som laga måleri på lerret laga utelukkande av spindelvev eller materiale frå larvekokongar. Desse religiøse miniatyrane blei vanlegvis måla for kloster, andre religiøse institusjonar, middelklassen og det lågare aristokratiet. Berre rundt 100 er kjende til, og er hovudsakleg i private samlingar.[2]

Elias Prunner frå Pusterdalen var den fyrste sekulære kunstnaren som praktiserte spindelvevmåleri, og i 1765 måla han keisarinne Maria Theresa.[3] Den kjende venleiken Philippine Welser (1527-1580) gifta seg i løyndom med erkehertug Ferdinand II av Tyrol, og ho slo seg ned nær Innsbruck, i Schloss Ambras. Små måleri av Philippine i ovale rammer blei selde til turistane av Franz Unterberger (1838-1902) frå Innsbruck, ein kunstnar som brukte andre lokale kunstnarar til å produsere portrettane.[2] Desse spindelvevmåleria blei eksporterte til England, Nord-Amerika og Tyskland i betydelege tal.[3]

På 1800-talet og tidleg på 1800-talet laga spindelvevkunstnarar i Innsbruck landskap og scenar med lokale bønder, og militære hendingar i sjølvstendekrigen.[3] Den industrielle revolusjonen gav mange nye tema til kunstnarane. Etter 1920 er det ikkje registrert nye spindelvevmåleri frå Tyrol.[3]

Domkyrkja i Chester har eit spindelvevmåleri av Jomfru Maria, måla på silke frå heggspinnemøll, og truleg laga av Johan Burgman (d. 1825) frå Tyrol. Det er ein kopi av eit måleri av Lucas Cranach den eldre (1472-1553) i domkyrkja i Innsbruck (Dom zu St. Jakob).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Im Kinsky Auctioneers, Vienna, Online Catalogue, 109th Auction, 24 November 2015, Lot 0601
  2. 2,0 2,1 «Cobweb Portraits». Henta 12. februar 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Cobweb Painters». Henta 12. februar 2013. 
  4. Description panel on frame of object in Chester Cathedral