Spindelvev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krossedderkopp (Araneus diadematus) som spinn eit nett

Spindelvev,[1] edderkoppnett[2], edderkoppspinn eller kongrovev, er eit nett edderkoppar lagar av edderkoppsilke, ein klistrande tråd dei kan laga i kroppen. Nettet kan brukast til å fanga insekt som blir mat for edderkoppen.

Edderkoppnett har eksistert i minst 140 millionar år, og er blant anna funne i rav frå tidleg krit i Sussex sør i England.[3]

Mange edderkoppar lagar typiske nett. Fleire av dei ulike gruppene, familiane eller slektene kan kjennast på utforminga av nettet. Dei fleste nett står loddrett, medan nokre ligg vassrett eller på skrå. Blant dei viktigaste utforminga er hjulnett, mattenett og snublenett. Nokre edderkoppartar spinn ikkje nett i det heile, og dei brukar silketråden berre som tryggleikslinje eller til å verna egga sine. Nokre lagar nett med andre funksjoner enn fangst, til dømes som skjulestad eller vern frå predatorar som fuglar og vepsar.

Edderkoppsilken blir laga inne i kroppen til edderkoppen, der han er flytande. Når silken kjem i kontakt med luft, blir han herda til edderkoppsilke. Edderkoppar kan laga ulike typar edderkoppsilke, og det gir trådar med ulike eigenskapar, som ulik grad av klistring. Edderkoppsilke er eit av dei sterkaste og seigaste stoffa ein kjenner til, og består av lange proteinmolekyl. Materialet er lettare enn bomull og like sterkt som nylon, men per vekteining er det sterkare enn stål. Det er gjort mykje forsking på netta og det sterke materialet dei er laga av. Forskarar har freista å kopiera dette materialet som edderkoppar lager heilt naturleg.[4]

Spindelvev er mykje brukt som effekt i teikneseriar, bilde og på film, og som pynt til halloween. Netta kan gje ein skummel effekt eller dei kan gje assosiasjonar til at noko er urørt, eller har stått så lenge og er gammalt og forlate.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «spindelvev» - ordnett.no
  2. «edderkoppnett» - Bokmålsordboka
  3. Brasier et al. 2009
  4. biologen Cheryl Y. Hayashi ifølge tidsskriftet Chemical & Engineering News

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brasier, Martin; Cotton, Laura & Yenney, Ian. 2009. First report of amber with spider webs and microbial inclusions from the earliest Cretaceous (c. 140 Ma) of Hastings, Sussex. Journal of the Geological Society 166(6), side 989-997.