Spirskrikje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Spirskrikjefamilien)
Hopp til navigering Hopp til søk
Spirskrikje

Status i verda: NT Nær truga

Spirskrikje Foto: Doug Janson
Spirskrikje
Foto: Doug Janson
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Platylophidae
Slekt: Platylophus
Art: P. galericulatus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Crested jay
  • Vitskapleg namn
    Platylophus galericulatus

    Spirskrikje (Platylophus galericulatus) er ein mellomstor, støyande og særs kjenneleg mørk sporvefugl med ekstrem lang fjørtopp som lever i Søraust-Asia. Han var tidlegare trudd å vere ein kråkefugl, men frå 2018 er han klassifisert i sin eigen familie Platylophidae.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Fjørtoppen er ofte litt framoverbøygd.
    Foto: Roland Adam

    Spirskrikja har storleik som ei kaie, ca. 31-33 centimeter i kroppslengd og masse på 78-114 gram. To av tre underartar har mørk brun til svart fjørdrakt, ein tredje underart på Borneo er noko lysare brun. Alle har ein kjenneleg nokså brei kvit sigdforma flekk langs sidene av halsen, samt to små kvite flekker ved auget. Den oppreiste fjørtoppen på hovudet er uvanleg lang og består av berre to kraftige fjører. Både beina og nebbet er svarte, nebbet er relativt lite med ein kort krok på tuppen. Kjønna er like, men ungfuglar skil seg frå vaksne med meir raudbrun farge.

    Dei lever lågt i lauvskog i utbreiingsområdet sitt på sørlege Malayahalvøya, Sumatra, Borneo og Java. Her beitar dei på virvellause dyr og insekt, einskildvis eller i små grupper. Dei er tillitsfulle ovanfor menneske. Dette er ein standfugl.

    Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande grunna tap av habitat. Arten er klassifisert som globalt nært truga, NT.[1]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Debus, S. & Sharpe, C.J. (2018) Crested Shrikejay (Platylophus galericulatus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. august 2018
    Referansar
    1. BirdLife International (2018) Species factsheet: Platylophus galericulatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. august 2018

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spirskrikje