Kråkefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Corvidae)
Kråkefamilien
Blåskrikje, Cyanocitta cristata
Blåskrikje, Cyanocitta cristata
Utbreiing
Utbreiinga av Kråkefamilien
Utbreiinga av Kråkefamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Infraorden: Corvidae Corvida
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Kråkefamilien Corvidae
Linné

Kråkefamilien, latinsk Corvidae, på norsk ofte kråkefuglar, er ein biologisk familie av Oscines-sporvefuglar med kosmopolitisk utbreiing som inneheld kråker, ramnar, kaier, skrikjer og skjorer. Ramn og tjukknebbramn er dei største artane av alle sporvefuglar. Slekta Corvus, med kaier, kråker og ramnar, utgjer over ein tredjedel av heile familien som totalt samlar om lag 125 artar.

Dei er sett på som intelligente fuglar, og blant dei mest intelligente av alle dyr,[1][2] til dømes har skjor demonstrert sjølvmedvit i spegltestar, kråke og kornkråke[3] har vist evne til å lage verktøy, eigenskapar som inntil nyleg var rekna som særmerkte for menneske og nokre få andre høgare pattedyr. Masseforholdet hjerne til kropp er lik det ein finn hos aper og kvalar, og berre litt lågare enn hos menneske.[4]

Dei er middels til store i storleik, med sterke føter og nebb, fjørbustar ved nebbet og dei myter ein gong kvart år i motsetnad til dei fleste andre sporvefuglar som myter to gonger. Kråkefuglar er funne over heile verda bortsett frå lengst sør i Sør-Amerika og på polare iskapper.[5] Dei fleste av artane finst i tropisk Sør- og Mellom-Amerika, sørlege Asia og Eurasia, med færre enn 10 artar kvar i Afrika, Australasia og Nord-Amerika. Fem artar i slekta Corvus har fått utbreiing i Australia i relativt nyare geologisk historie.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Kråkefuglar er store til særs store sporvefuglar med ein robust kroppsbygging, sterke bein. Alle artar unntatt pinjeskrikje har nasebor som blir dekte av busteliknande fjører.[6] Mange kråkefuglar i tempererte soner har hovudsakleg svart eller blå farga fjørdrakt. Men nokre artar er svarte og kvite, nokre har ei blålilla iriserande farge og mange tropiske artar har sterke farger. Kjønna er svært like i farge og storleik. Kråkefuglar har sterkt, kraftig nebb og stort vengespenn. Familien omfattar dei største medlemmene av ordenen sporvefuglar.

Den minste kråkefuglen er dvergskrikje på 40 gram i vekt og 21,5 centimeter i lengd. Dei største kråkefuglane er vanleg ramn og tjukknebbramn, som begge regelmessig overstig 1400 g og 65 cm.

Artar kan identifiserast basert på storleik, form, og geografi, men somme, særleg dei australske kråkene, blir best identifisert ved dei grove skrika dei gjer.[7]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Kråkefuglar finst i dei fleste klimasoner. Dei fleste er streif- og standfuglar og trekker ikkje vesentleg. Men under matmangel, kan eruptiv migrasjon oppstå.[7] Dei som er trekkfuglar dannar store flokkar på hausten, på den nordlege halvkula i august, og flyg sørover.[8]

Ei årsak til suksessen åt kråkene jamstilt med ramnar, er evna deira til å overlappe hekketerritorium. Under hekketida, kan kråker overlappe hekketerritorium seks gonger så mykje som ramnar. Denne inntrenginga i hekkeområda er vist å gje lokal auke i bestandstettleik.[9]

Føde og matauke[endre | endre wikiteksten]

Kråkefuglar er særs opportunistiske i matvanar. Her finn ei tjukknebbkråke føde på eit haikadaver

Mange kråkefuglartar er altetande, den naturlege dietten inneheld virvellause dyr, fugleungar, små pattedyr, bær, frukt, frø og kadaver. Men nokre kråkefuglar, spesielt kråkene, har tilpassa seg godt til menneskelege tilhøve og har kome til å lite på menneskeskapte kjelder til føde. I ein amerikansk studie av amerikanske kråker, ramn og furuskrikje rundt campingplassar og menneskelege busetjingar, syntest kråker å ha den mest varierte kosten av alle, tok menneskeskapte matvarer som brød, spagetti, steikte potetar, hundemat, smørbrød, og husdyrføde. Auka i tilgjengelege menneskeskapte matkjelder bidreg til auke i populasjonen for nokre artar.[9]

Nokre kråkefuglar er predatorar på andre fugleartar. Under vintermånadene vil kråkefuglar typisk danne flokkar for næringssøk.[7] Kråker et mange skadedyr i jordbruket, inkludert ormar, grashopper og skadeleg ugras. Nokre kråkefuglar vil ete av kadaver, men sidan dei manglar spesialisert nebb for rive i kjøtet, må dei ta dyr som er opna av andre predatorar, eller dei tar av knuste trafikkdrepne dyr.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Eit gråskrikjepar matar ungane sine.
Foto: Dan Strickland

Mange artar i kråkefamilien er territoriale, vernar territorium gjennom heile året eller berre i gjennom hekkesesongen. I nokre tilfelle kan kråkefuglar verne eit territorium berre gjennom dagen, for å slutte seg til ein felles kvileplass om natta. Nokre kråkefuglar er godt kjente for å bruke felles overnattingsplassar. Dei kan danne mykje store flokkar, i Skottland ein har talt over 65 000 individ av kornkråke på ein overnattingsplass.[10] Nokre artar, inkludert kaie og kornkråke, er òg kolonihekkarar.

Parbanda hos kråkefuglar er ekstremt sterke, jamvel livslange blant einskilde artar. Det kan likevel førekomme ekstraparkopulasjonar med denne monogame livsstilen.[11] Kjønna i eit par samarbeider om å byggje store reir i tre eller på fjellhyller. Hannen vil òg mate hofuglen i rugetida.[12] Reira er bygde av ei mengd store kvister foret med gras og bork. Kråkefuglar kan legge mellom 3 og 10 egg, vanlegvis mellom 4 og 7. Egga er vanlegvis grønleg i farga med brune flekker. Etter klekking vil ungane halde seg i reiret i opptil 6-10 veker, avhengig av arten. Begge kjønn av kråkefuglar gjev omsut for avkommet.

Kaier kan hekke inne i bygningar.[13] Småskjorskrike har samarbeidande hekking der hjelparane for det meste er hofuglar. Samarbeidande hekking skjer når fleire vaksne deler på å få fram ungar, det er mest vanleg blant fuglar at hjelparar i slike grupper er hannfuglar.[14]

Sosiale tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Nokre kråkefuglar har sterke grupperingar innan ein populasjon, til dømes har kaier eit sterkt sosialt hierarki.[13] Det har òg vorte registrert at mange kråkefuglartar gjev gjensidig bistand.

Unge kråkefuglar har vore kjente for å leike og ta del i omfattande sosiale leikar. Det er dokumentert gruppeleikar som følgjer ein «konge av fjellet»- og «følg leiaren»-type mønster. Andre leikar inneheld manipulasjonar, forbipasseringar, og balansering på pinnar. Kråkefuglar tar òg del i andre aktivitetar, slik som å skli ned glatte flater. Ein trur desse leikane speler ei stor rolle i utvikling av adaptive evner og overlevingsevner til fuglane.[15]

Val av make i denne familien skjer etter et ganske komplekst mønster og blir følgt av sosiale leikar. Ungane av sosiale kråkefuglartar går gjennom ei rekkje testar, inkludert akrobatiske øvingar, før dei blir aksepterte som kompisar av det motsette kjønnet.[8]

Nokre kråkefuglar kan bli aggressive. Blåskrikjer, til dømes, er godt kjente for å åtake det som truar reira deira. Kråkene har vore kjent for å angripe hundar, kattar, ramn og rovfuglar. I dei fleste høve vil slik åtferd finne stad for å distrahere lenge nok til å skape eit høve for å stele mat frå mobbeofferet.[8]

Intelligens[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Intelligens blant fuglar.

Masseforholdet hjerne til kropp blant kråkefuglar er lik det ein finn hos aper og kvalar, og berre litt lågare enn hos menneske.[16] Intelligensen deira blir auka av den relativt lange vekstperioden frå klekking til vaksen fugl. Ved å halde seg saman med foreldra, nyttar ungane mange høve til å lære naudsynte dugleikar. Sidan dei fleste kråkefuglar er med på samarbeidande hekking, kan dei unge læra av ulike medlemmer av gruppa.[5]

Eksperiment lagd for å teste evner til å oppsøkje mat etter tredimensjonale leidetrådar, synte at kråkefuglar løyste problema betre enn kattar og hundar.[17] Ein metaanalyse for å teste kor ofte fuglar finn nye måtar å skaffe seg mat i naturen fann at kråkefuglar var dei mest innovative fuglane.[18] Ein gjennomgang i 2004 tyder på at dei kognitive evnene deira er på linje med evnene til store aper.[19]

Kløkt blant kråkefuglar er representert gjennom dugleikar i å skaffe føde, åtferd som krev memorering, bruk av verktøy og gruppeåtferd. Det å leve i større sosiale grupper har lengje vore forbunde med høge kognitive evner. For å leve i ei stor gruppe, må eit medlem vere i stand til å gjenkjenne individ og å spore den sosiale posisjonen til andre medlemmer over tid. Medlemmene må òg vere i stand til å skilje mellom kjønn, alder, reproduktiv status og dominans, og å oppdatere denne informasjonen heile tida. Det kan vere at sosial kompleksitet svarar til den høge forståingsevna deira.[20]

Skjor er ein av dei få artar av ikkje-pattedyr kjent for å vere i stand til å gjenkjenne seg sjølv i ein spegltest.[21]

Det finst òg konkrete døme på kløkt blant kråkefuglar. Ei svartkråke vart registrert i å knekke nøtter ved å plassere dei på ein fotgjengarovergang, lèt dei passerande bilane knekke skalet, venta på raudt lys, og kunne deretter trygt hente innhaldet.[22]

Medlemmer av kråkefamilien har vore kjente for å observere andre fuglar, huske staden der dei gøymer maten, for deretter å kome tilbake når eigaren har fare bort frå staden.[treng kjelde] Kråkefuglar kan òg flytte maten rundt mellom ulike skjulestader for å unngå tjuveri, men berre viss dei tidlegare har vore tjuvar sjølve, det vil seie, dei huskar tidlegare relevante sosiale samanhengar, brukar si eiga røynsle av å ha vore ein tjuv til å føresjå framferda til ein naskar, og kan avgjere sikraste måten å verne matlagra frå å bli plyndra. Studiar for å vurdere tilsvarande kognitive evner blant aper har vore mangelfulle.[23]

Evna til å gøyme føde krev svært nøyaktig romleg minne. Kråkefuglar har vorte registrert til å huske ein skjulestad for mat inntil ni månader seinare. Det er foreslått at vertikale landemerke som tre brukast til å huske stader. Det har òg vore prov for at krattskrike, som lagrar mat som kan bli skjemd, ikkje berre husker kor dei lagra maten, men kor lengje. Dette har vorte samanlikna med episodiske minne, tidlegare tenkt å vere unikt for menneske.[5]

Kortnebbkråke er kjent for sin høgt utvikla evne til å tilverke verktøy. Dei lagar «fiskereiskap» av kvister og lauv trimma i krokar, og nyttar deretter krokar til å trekkje insektlarver ut frå hol i tre. Verktøy er utforma i samsvar med oppgåva, og tilsynelatande òg etter lærte preferansar. Nyare studiar viser evner til å løyse kompliserte problem, noko som tyder på høg grad av innovasjon av ein kompleks natur.[24] Andre kråkefuglartar som har vorte observerte i å bruke reiskap omfattar amerikakråke, blåskrikje og grønskrikje. Mangfald i verktøydesign blant kråkefuglar antyder kulturell variasjon. Igjen, store aper er dei einaste andre dyregrupper som er kjente for å bruke verktøy på ein slik måte.[5]

I ein studie basert på geometriregellæring i 2002, blei det gjort samanlikningar av kongekråke og kaie. Kråkefuglane måtte saman med ei bydue finne eit objekt plassert mellom to landemerke, medan avstandar og landemerke vart endra på. Kongekråkene synte seg meir nøyaktige i søka sine enn kaiene og duer.[25]

Fugleskremsel er ein arketypisk skremmetaktikk i landbruksnæringa. Men på grunn av kråkefuglane sin forstand, blir eit fugleskremsel snart ignorert og blir brukt som kvileplass. Trass innsatsen til bønder for å kvitte seg med kråkefuglar som opptrer som skadedyr, har kråkefuglane utvida territoria sine og auka populasjonen.[8]

I noverande systematikk blir kråkefuglar plassert nedanfor midten innanfor ordenen sporvefuglar, basert på andre fysiske eigenskapar enn hjernen. Dette er i motsetnad til tidlegare teleologiske klassifikasjonar som «høgste» songfuglar (Oscines) på grunn intelligensen deira.[26] Sitat frå ein observatør:

- I løpet av 1800-talet oppstod trua på at dette var dei mest avanserte fuglane, basert på trua om at Darwin sin evolusjonslære medfører utvikling. I ei slik klassifisering vart dei mest intelligente av fuglane oppførte sist, det reflekterer stillinga deira «på toppen av pyramiden». Moderne biologar avviser omgrepet hierarkisk «utvikling» i evolusjon [...].[7]

Den andre store gruppa av svært intelligente fuglar er ordenen papegøyefuglar. Dei er ikkje nærskylde til kråkefuglar.

Tilhøve til menneske[endre | endre wikiteksten]

Fleire ulike kråkefuglartar, spesielt ramn, har tidvis fungert som kjæledyr, sjølv om dei ikkje er i stand til å snakke så lett som papegøyar og ikkje trivst i bur.[treng kjelde]

Rollar i mytar og kultur[endre | endre wikiteksten]

Folklore representerer ofte kråkefuglar som flinke, og til og med som mystiske skapningar. Nokre indianarar, som haida, meinte at ein ramn skapte jorda, og trass ein bløffmakarånd, var ramnar populære på totempælar, verdsett som skaparen av mennesket, og ansvarleg for å plassere sola på himmelen.

Ulike germanske folk akta ramnen høgt. Den store guddomen Odin var så sterkt forbunden med ramn gjennom historia at han fekk kjenninga «ramnegud» og ramnebanneret vart flagget til ulike vikinghøvdingar. Han vart òg vitja av Hugin og Munin, to ramnar som kviskra nyhende i øyra hans.[27] Ramnen var krigsfugl, og høvdingane måtte ta omsyn til varsel frå ramnar før kampar tok til. Ute på ope hav kunne ramnar finne kortaste vegen til land, Floke Vilgerdsson nytta ein ramn til å vise vegen til Island. Valramn opptrer i dansk folketru.

I det 6. hundreår f.Kr. skildra den greske fabeldiktaren Æsop kråkefuglar som intelligente motstandarar i mange fablar. I verket The Raven lèt den amerikanske poeten Edgar Allan Poe ramnen bli eit symbol på hovudpersonen sitt fall ned i galskapen.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Guamkråke er ein kritisk trua art

I motsetnad til mange andre fuglefamiliar, har fitness og reproduksjon for kråkefuglar auka på grunn av menneskeleg utvikling. Overleving og reproduksjonssuksess av visse kråker og ramnar blir positivt påverka av det nære tilhøve dei har til menneske.[9]

Menneskeleg utvikling skaper tilleggsressursar når landskap ryddast, og det oppstår krattskog, rik på bær og insekt. Når slikt rydda landskap vekst att naturleg, bruker skrikjer og kråker dei unge, tette trea til hekkeplassar. Ramnar nyttar vanlegvis større tre i tettare skog.[9]

Trass det faktumet at dei fleste kråkefuglar ikkje er trua, mange er jamvel aukande som følgje av menneskeleg aktivitet, er eit par artar likevel i fare. Til dømes er øydelegging av den søraustasiatiske regnskogen truar fleirartsflokkar med medlemmer frå denne familien.[28] Dessutan, sidan halvtørr krattskogshabitat er eit trua økosystem, har floridaskrikje ein liten og minkande populasjon.[29] Ei rekkje øyartar som er meir sårbare for introduserte artar og tap av habitat, blei drivne til utrydding, slik som Corvus antipodum, (nyzealandramn) eller dei er trua, slik som guamkråke.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Kråkefuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[30] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[31]

Slekt Platysmurus

  • Svartskrikje, Platysmurus leucopterus, Black Magpie, Temminck, 1824, (LC)

Slekt Perisoreus

  • Lavskrikje, Perisoreus infaustus, Siberian Jay, Linné, 1758, (LC)
  • Sotskrikje, Perisoreus internigrans, Sichuan Jay, Thayer & Bangs, 1912, (VU)
  • Gråskrikje, Perisoreus canadensis, Canada Jay, Linné, 1766, (LC)

Slekt Cyanolyca

  • Aztekskrikje, Cyanolyca mirabilis, White-throated Jay, Nelson, 1903, (VU)
  • Dvergskrikje, Cyanolyca nanus, Dwarf Jay, Du Bus de Gisignies, 1847, (VU)
  • Mayaskrikje, Cyanolyca pumilo, Black-throated Jay, Strickland, 1849, (LC)
  • Sølvstrupeskrikje, Cyanolyca argentigula, Silvery-throated Jay, Lawrence, 1875, (LC)
  • Blåhetteskrikje, Cyanolyca cucullata, Azure-hooded Jay, Ridgway, 1885, (LC)
  • Praktskrikje, Cyanolyca pulchra, Beautiful Jay, Lawrence, 1876, (NT)
  • Koboltskrikje, Cyanolyca armillata, Black-collared Jay, Gray, GR, 1845, (LC)
  • Turkisskrikje, Cyanolyca turcosa, Turquoise Jay, Bonaparte, 1853, (LC)
  • Lenkjeskrikje, Cyanolyca viridicyanus, White-collared Jay, d'Orbigny & Lafresnaye, 1838, (NT)

Slekt Calocitta

  • Storskjorskrikje, Calocitta colliei, Black-throated Magpie-Jay, Vigors, 1829, (LC)
  • Småskjorskrikje, Calocitta formosa, White-throated Magpie-Jay, Swainson, 1827, (LC)

Slekt Psilorhinus

  • Brunskrikje, Psilorhinus morio, Brown Jay, Wagler, 1829, (LC)

Slekt Cyanocorax

  • Børsteskrikje, Cyanocorax dickeyi, Tufted Jay, Moore, RT, 1935, (NT)
  • Blåflekkskrikje, Cyanocorax affinis, Black-chested Jay, Pelzeln, 1856, (LC)
  • Grønskrikje, Cyanocorax yncas, Green Jay, Boddaert, 1783, (LC)
  • Raggskrikje, Cyanocorax melanocyaneus, Bushy-crested Jay, Hartlaub, 1844, (LC)
  • Blåryggskrikje, Cyanocorax sanblasianus, San Blas Jay, Lafresnaye, 1842, (LC)
  • Yucatánskrikje, Cyanocorax yucatanicus, Yucatan Jay, Dubois, AJC, 1875, (LC)
  • Purpurryggskrikje, Cyanocorax beecheii, Purplish-backed Jay, Vigors, 1829, (LC)
  • Fløyelsskrikje, Cyanocorax cyanomelas, Purplish Jay, Vieillot, 1818, (LC)
  • Asurskrikje, Cyanocorax caeruleus, Azure Jay, Vieillot, 1818, (NT)
  • Sumpskrikje, Cyanocorax violaceus, Violaceous Jay, Du Bus de Gisignies, 1847, (LC)
  • Krøllskrikje, Cyanocorax cristatellus, Curl-crested Jay, Temminck, 1823, (LC)
  • Kaktusskrikje, Cyanocorax mystacalis, White-tailed Jay, de Sparre, 1835, (LC)
  • Guyanaskrikje, Cyanocorax cayanus, Cayenne Jay, Linné, 1766, (LC)
  • Blånakkeskrikje, Cyanocorax heilprini, Azure-naped Jay, Gentry, 1885, (LC)
  • Plysjskrikje, Cyanocorax chrysops, Plush-crested Jay, Vieillot, 1818, (LC)
  • Brasilskrikje, Cyanocorax cyanopogon, White-naped Jay, zu Wied-Neuwied, 1821, (LC)

Slekt Gymnorhinus

  • Pinjeskrikje, Gymnorhinus cyanocephalus, Pinyon Jay, zu Wied-Neuwied, 1841, (VU)

Slekt Cyanocitta

  • Furuskrikje, Cyanocitta stelleri, Steller's Jay, Gmelin, JF, 1788, (LC)
  • Blåskrikje, Cyanocitta cristata, Blue Jay, Linné, 1758, (LC)

Slekt Aphelocoma

  • Floridaskrikje, Aphelocoma coerulescens, Florida Scrub-Jay, Bosc, 1795, (VU)
  • Eikeskrikje, Aphelocoma insularis, Island Scrub-JayHenshaw, 1886
  • Krattskrikje, Aphelocoma californica, California Scrub-Jay, Vigors, 1839, (LC)
  • Einerskrikje, Aphelocoma woodhouseii, Woodhouse's Scrub-JayBaird, SF, 1858
  • Mexicoskrikje, Aphelocoma wollweberi, Mexican Jay, Kaup, 1855, (LC)
  • Gråbrystskrikje, Aphelocoma ultramarina, Transvolcanic Jay, Bonaparte, 1825, (LC)
  • Indigoskrikje, Aphelocoma unicolor, Unicolored Jay, Du Bus de Gisignies, 1847, (LC)

Slekt Garrulus

  • Nøtteskrikje, Garrulus glandarius, Eurasian Jay, Linné, 1758, (LC)
  • Himalayaskrikje, Garrulus lanceolatus, Black-headed Jay, Vigors, 1830, (LC)
  • Amamiskrikje, Garrulus lidthi, Lidth's Jay, Bonaparte, 1850, (VU)

Slekt Cyanopica

  • Blåskjor, Cyanopica cooki, Iberian Magpie, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Asurskjor, Cyanopica cyanus, Azure-winged Magpie, Pallas, 1776, (LC)

Slekt Urocissa

  • Brunhovudskjor, Urocissa ornata, Sri Lanka Blue-Magpie, Wagler, 1829, (VU)
  • Taiwanskjor, Urocissa caerulea, Taiwan Blue-Magpie, Gould, 1863, (LC)
  • Kvitnakkeskjor, Urocissa flavirostris, Yellow-billed Blue-Magpie, Blyth, 1846, (LC)
  • Raudnebbskjor, Urocissa erythroryncha, Red-billed Blue-Magpie, Boddaert, 1783, (LC)
  • Kvitvengskjor, Urocissa whiteheadi, White-winged Magpie, Ogilvie-Grant, 1899, (EN)

Slekt Cissa

  • Grønskjor, Cissa chinensis, Common Green-Magpie, Boddaert, 1783, (LC)
  • Gulbrystskjor, Cissa hypoleuca, Indochinese Green-Magpie, Salvadori & Giglioli, 1885, (LC)
  • Smaragdskjor, Cissa thalassina, Javan Green-Magpie, Temminck, 1826, (CR)
  • Jadeskjor, Cissa jefferyi, Bornean Green-Magpie, Sharpe, 1888, (LC)

Slekt Dendrocitta

  • Okerskjor, Dendrocitta vagabunda, Rufous Treepie, Latham, 1790, (LC)
  • Gråskjor, Dendrocitta formosae, Gray Treepie, Swinhoe, 1863, (LC)
  • Brunskjor, Dendrocitta occipitalis, Sumatran Treepie, Müller, S, 1836, (LC)
  • Gråryggskjor, Dendrocitta cinerascens, Bornean Treepie, Sharpe, 1879, (LC)
  • Kongeskjor, Dendrocitta leucogastra, White-bellied Treepie, Gould, 1833, (LC)
  • Praktskjor, Dendrocitta frontalis, Collared Treepie, Horsfield, 1840, (LC)
  • Andamanskjor, Dendrocitta bayleii, Andaman Treepie, Tytler, 1863, (VU)

Slekt Crypsirina

  • Bronseskjor, Crypsirina temia, Racket-tailed Treepie, Daudin, 1800, (LC)
  • Dvergskjor, Crypsirina cucullata, Hooded Treepie, Jerdon, 1862, (NT)

Slekt Temnurus

  • Frynseskjor, Temnurus temnurus, Ratchet-tailed Treepie, Temminck, 1825, (LC)

Slekt Pica

  • Maghrebskjor, Pica mauritanica, Maghreb Magpie, Malherbe, 1845, (LC)
  • Asirskjor, Pica asirensis, Asir Magpie, Bates, 1936, (EN)
  • Svartgumpskjor, Pica bottanensis, Black-rumped Magpie, Delessert, 1840
  • Orientskjor, Pica serica, Oriental Magpie, Gould, 1845
  • Skjor, Pica pica, Eurasian Magpie, Linné, 1758, (LC)
  • Svartnebbskjor, Pica hudsonia, Black-billed Magpie, Sabine, 1823, (LC)
  • Gulnebbskjor, Pica nuttalli, Yellow-billed Magpie, Audubon, 1837, (NT)

Slekt Zavattariornis

  • Boranakråke, Zavattariornis stresemanni, Stresemann's Bush-Crow, Moltoni, 1938, (EN)

Slekt Podoces

Slekt Nucifraga

  • Konglekråke, Nucifraga columbiana, Clark's Nutcracker, Wilson, A, 1811, (LC)
  • Nøttekråke, Nucifraga caryocatactes, Eurasian Nutcracker, Linné, 1758, (LC)
  • Kashmirnøttekråke, Nucifraga multipunctata, Kashmir Nutcracker, Gould, 1849, (LC)

Slekt Pyrrhocorax

  • Alpekråke, Pyrrhocorax pyrrhocorax, Red-billed Chough, Linné, 1758, (LC)
  • Alpekaie, Pyrrhocorax graculus, Yellow-billed Chough, Linné, 1766, (LC)

Slekt Ptilostomus

  • Svartskjor, Ptilostomus afer, Piapiac, Linné, 1766, (LC)

Slekt Corvus, 44 kråker og ramnar

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg lever åtte artar fast:

På Vestlandet kan ein òg finne einskilde eksemplar av

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://biology.plosjournals.org/perlserv/?request=get-document&doi=10.1371/journal.pbio.0060202
  2. http://news.yahoo.com/story//nm/20080819/sc_nm/magpies_mirror_dc
  3. «Rooks reveal remarkable tool-use». BBC News. 26 May 2009. Henta 2 April 2010. 
  4. Birding in India and South Asia: Corvidae. Retrieved 2007-NOV-10
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Clayton & Emery (2005)
  6. Perrins 2003
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Robertson (2000)
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Shades of Night: The Aviary Arkivert 2006-04-15 ved Wayback Machine.. Frå 10. nov 2004, lese 18. juni 2011
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Marzluff & Neatherlin (2006)
  10. Patterson et al. (1971)
  11. Li & Brown (2000)
  12. Encyclopædia Britannica Online: Corvidae. Krev abonnement.
  13. 13,0 13,1 Verhulst & Salomons (2004)
  14. Berg (2005)
  15. Gill (2003)
  16. Birding in India and South Asia: Corvidae. Lese 18. juni 2011
  17. Krushinskii et al. (1979)
  18. BBC Online: Crows and jays top bird IQ scale. Frå 22. februar 2005, lese 18. juni 2011
  19. Emery & Clayton 2004)
  20. Bond et al. (2003)
  21. Prior H.; et al. (2008). «Mirror-Induced Behavior in the Magpie (Pica pica): Evidence of Self-Recognition» (PDF). PLoS Biology (Public Library of Science) 6 (8): e202. PMC 2517622. PMID 18715117. doi:10.1371/journal.pbio.0060202. Henta 21. august 2008. 
  22. Attenborough - Crows in the City
  23. James Owen: Crows as Clever as Great Apes, Study Says. National Geographic News. Frå 9. desember 2004, lese 18. juni 2011
  24. BBC On-line: Clever New Caledonian crows can use three tools
  25. Jones et al. (2002)
  26. Jønsson & Fjeldså (2006)
  27. Chappell J (2006)
  28. Lee et al. (2005)
  29. BirdLife International (2004), Breiniger et al. (2006)
  30. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 31. desember 2018 
  31. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kråkefamilien