Spisslønn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spisslønn
Spisslønn
Spisslønn
Utbreiing
Utbreiinga av Spisslønn
Utbreiinga av Spisslønn
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Sapindales
Familie: Sapindaceae
Underfamilie: Hippocastanoideae
Slekt: Lønn Acer
Art: Spisslønn A. platanoides
Vitskapleg namn
Acer platanoides

Spisslønn (Acer platanoides) er ein art i lønnslekta med naturleg utbreiing i Europa aust til Kaukasus. I Noreg veks han naturleg på Austlandet nord til Alvdal kommune og Fåberg, på Sørlandet vest til Kvinesdal kommune. I Voss kommune og Luster kommune er det usikkert om han veks naturleg eller naturalisert. Lønnen er mykje brukt som park- og hagetre. Som kulturplante veks han nord til Troms.

Spisslønnen veks i tørr skog og på rasmark.

Spisslønnen blomstrar på berr kvist med blomstrar i opprette halvskjermar. Spisslønnen har høg, kuppelforma krone, i Noreg vert treet opp til 20 m høgt. Kvistar og blad er snaue. Blada har fem lappar spisse tenner, flikane mellom lappane er buttare enn hos platanlønnen.

Spisslønn har karakteristiske frø med to venger som lett spreier seg med vinden. Vinkelen mellom frøvengene er butt.

Veden til spisslønn minner mykje om veden til bjørk og er verdifull som snikkarmaterial.

Spisslønn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]