Språket abaza
Abaza | ||
Klassifisering: | Kaukasisk Nordvestkaukasisk | |
Bruk | ||
Tala i: | Russland, Tyrkia | |
Område: | Karatsjajevo-Tsjerkessia | |
Abazatalande i alt: | 47 880 (1995–2010) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | abq |
Abaza (også abazinsk, abazisk) er eit nordvestkaukasisk språk som er nært i slekt med abkhasisk. Totalt talar kring 50 000 menneske språket, knappe 40 000 i Russland og 10 000 utanfor landet, hovudsakleg i Tyrkia.[1]
Hovudutbreiingsområdet til språket er i Karatsjajevo-Tsjerkessia, der det blir skrive med kyrilliske bokstavar. I Tyrkia blir det skrive med latinske bokstavar.
Abaza er eit SOV-språk med ergativ setningsstruktur. Subjekt, direkte objekt og indirekte objekt blir markerte med verb-affiks i staden for kasus. Språket peiker seg ut gjennom sitt minimale vokalsystem med berre to vokalfonem, medan konsonantsystemet er svært omfattande, med 63 konsonantar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Abazinska» frå Wikipedia på svensk, den 8. januar 2019.