Kaukasiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etnolingvistisk kart over Kaukasus.

Det er mange språk i Kaukasus, desse språka høyrer til fleire ulike språkfamiliar. Nokre av familiene finst berre i Kaukasus.

Språkfamiliar[endre | endre wikiteksten]

Familiar som finst berre i Kaukasus[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste språka som blir snakka i Kaukasus kan delast inn i tre språkfamiliar. Dei blir kalla kaukasiske språk, sjølv om dei ikkje er noko genetisk slektskap dei i mellom.

Desse språka, som er innfødde i Kaukasus, deler ein del områdetrekk, som ejektive konsonantar og ein agglutinerande struktur, og alle språka utom mingrelsk er meir eller mindre ergative. Pontiske og dagestanske språk har også eit stort tal på konsonantar, som i ubykhisk, som har mellom 80 og 84 konsonantar; kartvelske språk, derimot, har relativt få konsonantar; georgisk har 28 konsonantar, og lazisk har 30; samanlikna med språk som arabisk (28 konsonantar) og russisk (35–37 konsonantar).

Familiar med større utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Andre språk som er brukt i Kaukasus, tidlegare eller noverende, kan plasserast inn i større språkfamiliar med ei mykje større geografisk utbreiing.


Nordkaukasiske språk?[endre | endre wikiteksten]

Nokre språkforskarar meiner at dei nordaustlege (dagestansk) og nordvestlege (pontisk) språka er i slekt, og har gjort framlegg om å setje dei saman til ein nordkaukasisk familie, som ofte kallast kaukisk eller kaukasisk, til tross for at den ikkje er meint å dekke dei sørkaukasiske (kartvelske) språka. Dette forslaget har likevel ikkje vorte akseptert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]