Stéphane Henchoz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stéphane Henchoz
1 Stéphane Henchoz 2017.jpg
Henchoz i 2017
Personleg informasjon
Fullt namn Stéphane Henchoz[1]
Fødselsdato 7. september 1974 (46 år)
Fødestad Billens i Sveits
Høgd 1,88 m
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Neuchâtel Xamax (manager)
Ungdomsklubbar
1989–1992 FC Bulle
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1992–1995 Neuchâtel Xamax 91 (2)
1995–1997 Hamburger SV 49 (2)
1997–1999 Blackburn Rovers 70 (0)
1999–2005 Liverpool 135 (0)
2005 Celtic 6 (0)
2005–2006 Wigan Athletic 26 (0)
2006–2008 Blackburn Rovers 12 (0)
Totalt 389 (4)
Landslag
1993–2006 Sveits 72 (0)
Trenar for
2008–2009 Blackburn Rovers (U18)
2009–2010 FC Bulle
2015–2019 Neuchâtel Xamax (assistent)
2019 Neuchâtel Xamax
2019 FC Sion
2020– Neuchâtel Xamax
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Stéphane Henchoz fødd 7. september 1974 er ein sveitsisk tidlegare fotballspelar frå Billens. Henchoz var midtstoppar og ein av dei fyrste fotballspelarane frå Sveits som makta spele seg til fast plass i ein europeisk storklubb.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Henchoz spelte på Neuchâtel Xamax frå 1992 til -95. Dei neste to sesongane var han aktiv i tyske Hamburger SV. Sommaren 1997 vart han overført til Blackburn Rovers, ein klubb som gjorde det godt i hans fyrste sesong, for så å rykke ned. Sommaren 1999 vart då Henchoz overført til Liverpool FC mot 3,5 millionar pund. Åra 2000-04 danna han stopparpar med finske Sami Hyypiä og var våren 2001 med om å vinne ligacupen, FA-cupen og UEFA-cupen for laget frå Liverpool. Etter å ha vorte benkeslitar i Liverpool var han våren Celtic-spelar i Skottland. 2005/06-sesongen spelte han i Wigan Athletic. Sommaren 2006 flytta han tilbake Blackburn Rovers. Etter to skadeplaga år la han opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Henchoz aksla den sveitsiske landslagsdrakta 72 gongar i tida 1993-2005, utan å skåre. Han deltok i europameisterskapane 1996 og 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stéphane Henchoz». Barry Hugman's Footballers. Henta 8. mars 2017.