UEFA-cupfinalen i fotball 2001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i UEFA-cupen fotball 2001 fann stad på Westfalenstadion i Dortmund 16. mai 2001 framfor 48 050 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom engelske Liverpool FC og spanske Alavés frå Vitoria-Gasteiz i Baskarland. Liverpool FC vann UEFA-cupen for tredje gong med siffera 5 mot 4 mål.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Liverpool tok tidleg føringa. Markus Babbel skåra allereie i det 4. minutt og Steven Gerrard dobla leiinga i det 16. minutt. 11 minuttar seinare reduserte innbytaren Iván Alonso til 1-2 for Alavés, fem minuttar etter han kom på bana. Fem minuttar før pause fekk Liverpool straffespark, Gary McAlister netta sikkert. Etter pause bringa Javi Moreno balanse i målprotokollen med to raske skåringar, slik at det 51 minuttar ut i oppgjeret stod 3-3. Robbie Fowler sende Liverpool framom att med ei nettkjenning i det 73. minutt. Tre minuttar før ordinær tid var ute, var Jordi Cruijff frampå og det stod 4-4. I fyrste ekstraomgang fekk Alavés utvist Magno Mocelin, grunna to gule kort. Lagkameraten Antonio Karmona fekk òg sitt andre gule kort, fire minuttar før andre ekstraomgang var over. På etterfylgjande frispark til Liverpool heada ein pressa Alavés-spelar ballen i eige nett. Dermed vann Liverpool FC si fyrste UEFA-turnering sidan Heysel-tragedien.

Lagoppstillingane, Liverpool i raudt

Gilles Veissière frå Frankrike dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Liverpool-laget bestod av: Sander Westerveld, Markus Babbel, Sami Hyypiä, Stéphane Henchoz, Jamie Carragher, Gary McAlister, Dietmar Hamann, Steven Gerrard, Danny Murphy, Emile Heskey, Michael Owen og innbytarane Vladimír Šmicer, Robbie Fowler, Patrik Berger.

Alavés mønstra: Martín Herrera, Cosmin Contra, Antonio Karmona (kaptein), Óscar Téllez, Dan Eggen, Delfí Geli, Jordi Cruijff, Ivan Tomić, Hermes Desio, Martín Astudillo, Javi Moreno, Iván Alonso, Magno Mocelin, Pablo Gómez

Kjelder[endre | endre wikiteksten]