Støtt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Støtt er ein liten tettstad og eit fiskevær i Meløy kommune i Nordland. Det ligg på øyane Innerstøtt og Svenningen i øygruppa Støttvær, vest for Kunna og nordvest for Reipå. Støtt hadde 47 fastbuande i 2005.

Støtt har butikk og er med i ferjesambandet Ørnes-Vassdalsvik-Meløysund-Bolga-Støtt. Støtt er anløpsstad for snøggbåtruta Nordlandsekspressen mellom Sandnessjøen og Bodø. Støtt var tidlegare ein viktig handelsstad.

På Svenningsheia på Svenningen finst fleire bunkers og restar av kanonstillingar etter den andre verdskrigen.

Vest for Støtt ligg Støttværet naturreservat, som dekker feire småøya og holmar i øygruppa.

Postnummeret til Støtt er 8159 STØTT.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]