Nordlandsekspressen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordlandsekspressen er ei snøggbåtrute drive av reiarlaget Torghatten Nord. Ruta går frå Sandnessjøen i sør til Svolvær i nord, med Bodø som knutepunkt. Til dagleg vert skipa MS Salten, MS Steigtind og MS Ofoten nytta. Ruta har lange tradisjonar, og vert omtala som ei livsnerve for kystsamfunna langs Nordlandskysten. Det er mange korrespondansar undervegs, mellom anna korresponderer nattoget på Nordlandsbanen frå Trondheim med nordgåande båt frå Sandnessjøen via buss frå Mosjøen. I tillegg korresponderer båten med ei rekkje båt- og bussruter.

Bodø - Sandnessjøen - Bodø[endre | endre wikiteksten]

Denne ruta går kvar dag kl. 6.45 om morgonen frå Sandnessjøen, og er framme i Bodø om lag kl 12. Sørover går båten kl. 16 frå Bodø på kvardagar og er framme i Sandnessjøen om lag kl. 22. Desse hamnene kan vitjast frå sør til nord:

Bodø - Svolvær - Bodø[endre | endre wikiteksten]

På kvardagar går denne ruta kl. 6.30 om morgonen frå Svolvær og er framme i Bodø kl. 10. Frå Bodø går ho kl. 17.15 dei fleste kvardagane og er framme i Svolvær ca. kl. 21. Desse hamnene kan vitjast av ruta (frå sør til nord):

Kjelder[endre | endre wikiteksten]