Groblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Groblad
Groblad
Groblad
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Slekt: Kjempeslekta Plantago
Art: Groblad P. major
Vitskapleg namn
Plantago major

Groblad (Plantago major) er ein fleirårig planteart i kjempefamilien. Planten blir 5–30 cm høg og har eggrunde blad og lange aks med små, grågrøne blomar med fiolette pollenknappar.[1]

I fuktig vêr blir frøa klebrige, noko som bidreg til spreiing ved at dei kleber seg til skosålar og dyreføter.[1]

Groblad er vanleg i Noreg, og veks ved vegar og tun og på havstrender.[1] Det er registrert to eller tre underartar:[2]

  • Nominatunderarten ugrasgroblad (P.m. ssp. major) med tjukke, mørkegrøne blad er truleg komen inn med tidleg jordbruk. Han har og er vanleg over heile landet og har spreidd seg raskt nordover og oppover i fjelldalane frå 1900-talet.[2]
  • Strandgroblad (P.m. ssp. intermedia) har tynnare og meir gulgrøne blad som ofte er noko håra. Dette er ein heimleg plante med sørleg utbreiing som veks ved havet eller ved ferskvatn spreidde stader på Austlandet og langs kysten til Farsund.[2]
  • Kystgroblad (P.m. ssp. winteri) liknar mykje på strandgroblad. Han er utbreidd i Danmark og det sørlege Sverige, og det er uvisst om han òg finst i Noreg.[2]

I folkemedisin er blada blitt brukt som omslag på sår, noko som har gjeve planten namnet groblad. Han er også blitt brukt mot bronkitt, luftvegskatarr og blærelidingar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «groblad» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 951.