Stanley Baldwin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stanley Baldwin
Stanley Baldwin LCCN2014712420 (cropped).jpg
Fødd3. august 1867
Bewdley
Død14. desember 1947 (80 år)
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar
Utdanna vedTrinity College i Cambridge
University of Birmingham
Harrow School
University of London
Hawtreys
MorLouisa Baldwin
FarAlfred Baldwin
EktefelleLucy Baldwin
BarnOliver Baldwin, Arthur Baldwin, Diana Lucy Baldwin, Leonora Stanley Baldwin, Pamela Margaret Baldwin, Esther Louisa Baldwin
MedlemRoyal Society

Stanley Baldwin (3. august 186714. desember 1947) var ein britisk konservativ politikar som i 1920-30 åra hadde ein sentral posisjon i det britiske statsstyret. Han var statsminister 1923-24, 1924-31 og 1935-37 i Storbritannia.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Baldwin var fødd i Bewdley i Worcestershire som son av Alfred Baldwin og Louisa Baldwin (fødd MacDonald). På farssida var familien velståande industrieigarar. På morssida var det framtredande representantar for målarkunst og litteratur, som målarane Edward Burne-Jones og Edward Poynter. Rudyard Kipling var ein fetter av Baldwin.[1] Faren dreiv Baldwins Ltd., som i 1902 var eit av dei største jern- og stålfirmaa i Storbritannia. Baldwin fekk sjølv stilling i familiefirmaet, og hjelpte til med å byggja det opp. Familieverksemdene omfatta også Great Western Railway.[2][3]

Den 12. september 1896 gifta han seg med Lucy Ridsdale (1869–1945). Dei fekk seks barn.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Ved parlamentsvalet i 1906 var han kandidat for valrinsen Kidderminster, men vart ikkje vald i det som var eit særs dårleg val for dei konservative. I 1908 vart han vald inn i Underhuset som parlamentsmedlem for krinsen Bewdley som etterfølgjar for far sin. Baldwin fungerte 1917-21 som finanssekretær for statskassa og 1921-22 som president for handelsstyret, to ministerpostar på lågare nivå i koalisjonsregjeringa til David Lloyd George.

I 1922 var Baldwin ein av dei fremste pådrivarane då det konservative partiet slutta støtte statsminister Lloyd George. Baldwin fekk då posten som finansminister i Arthur Bonar Law si reint konservative regjering.[1] Då Bonar Law av helsemessige grunnar gjekk av i mai 1923, tok Baldwin over som statsminister og leiar for det konservative partiet. Ved parlamentsvalet i desember 1923 stod striden om tariffar sentralt. Noko som leidde til at det konservative partiet mista fleirtalet i parlamentet. Arbeidarparti-leiaren Ramsay MacDonald danna då ei minoritets-regjering.

Etter dei konservative vann eit nytt parlamentsval i oktober 1924, danna Baldwin si andre regjering.[1] Med i regjeringa fekk han Austen Chamberlain som utanriksminister, Winston Churchill som finansminister og Neville Chamberlain som helseminister. Dei to sistnemnde statsrådane styrka oppslutninga hos dei konservative kring reformer på felt typiske for sosial-orienterte parti. Særleg var Baldwin oppteken av å dempe konfliktane mellom arbeidarar og arbeidskjøparar i industrien.

Vedvarande svak økonomisk vekst og nedgang i gruvedrift og tungindustri svekka Baldwin-regjeringa. Ein generalstreik i 1926 og ei lov av 1927 som skulle svekke makta til fagforeiningar, var medverkande til at det konservative tapte parlamentsvalet 1929 med knapp margin. Baldwin heldt likevel fram som konservativ partileiar, trass i press frå partiet.[1]

Under den store depresjonen danna arbeidarparti-politikaren, statsminister Ramsay MacDonald i 1931 ei samlingsregjering. Eit fleirtal av ministrane i regjeringa var konservative. Gjennom parlamentsvalet 1931 styrkt regjeringa sitt mandat. Som leiar for kongsrådet, og ein av fire konservative i det sentrale kabinettet med ti medlemmer, overtok Baldwin mange av statsministeren sine oppgåver då helsa til MacDonald byrja svikte.

Regjeringa gav India meir sjølvstyre, noko Churchill og mange konservative motarbeidde. Westminster-statutten av desember 1931 gav Canada, Australia, New Zealand og Sør-Afrika alle status som dominion. Partileiar Baldwin gjorde seg mykje synleg for allmenta gjennom bruk av radio og film, det styrka den konservative appellen.

I 1935 tok Baldwin over som statsminister. Gjennom parlamentsvalet 1935 fekk partiet hans eit stort fleirtal i Underhuset. Innanriks tok då opprustinga av det britiske militæret så smått i gang. Allmenn misnøye med den såkalla Hoare-Laval-pakta førte til at han i desember 1935 kvitta seg med utanriksministeren sin. Hausten 1936 kom krisa kring kong Edvard VIII sitt giftarmål, Baldwin var positiv til abdikasjonen. Utanriks tårna vanskane seg opp, mellom anna militariseringa av Rheinland og utbrotet av den spanske borgarkrigen. Etter kroninga av kong Georg VI gjekk Baldwin av 28. mai 1937, og Neville Chamberlain vart ny statsminister.[1]

Baldwin var vorten utnemnd til Chancellor ved University of Cambridge i 1930, og sat i denne stillinga livet ut. Han døydde i Astley Hall nær Stourport-on-Severn i Worcestershire den 14. desember 1947. Han vart kremert i Birmingham, og urna hans vart sett ned i Worcester Cathedral.[4]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Baldwin, Stanley. Service of Our Lives: Last Speeches as Prime Minister (London: National Book Association, Hutchinson & Co., 1937). viii, 167 pp. speeches from between 12 December 1935 to 18 May 1937.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «History of Stanley Baldwin - GOV.UK». www.gov.uk (engelsk). Henta 6. juni 2020. 
  2. «Cambridge Alumni Database». Henta 6. juni 2020. 
  3. «Stanley Earl Baldwin of Bewdley - Munzinger Biographie». www.munzinger.de. Henta 6. juni 2020. 
  4. Ball, Stuart. «Baldwin, Stanley, first Earl Baldwin of Bewdley (1867–1947)"». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/30550. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Stanley Baldwin