Stanley Matthews

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stanley Matthews i 1962

Sir Stanley Matthews, CBE (1. februar 191523. februar 2000) var ein engelsk fotballspelar som spelte på høgrevingen. Han vert ofte rekna som ein av dei største britiske fotballspelarane gjennom tidene, og er den einaste som har vorte adla medan han enno var aktiv. Matthews hadde ein særs lang fotballkarriere, og spelte sin siste kamp på klubbnivå i ein alder av femti år. Han var kjend for sin makelause teknikk og presise høgrefot, og fekk tilnamnet «The Wizard of the Dribble».[1]

Matthews spelte for Stoke City F.C. i til saman 19 år over to periodar (1932-1947 og 1961-1965), og for Blackpool F.C. i 14 år (1947-1961). Der vart han mellom anna kjend for ein framifrå prestasjon i FA-cupfinalen i 1953, som i ettertid har vore kjend som «Matthews-finalen». I 1956 vart han den fyrste mottakaren av Gullballen (Ballon d'Or).

Matthews spelte 54 landskampar for England mellom 1934 og 1957, og deltok i VM i fotball 1950 og VM i fotball 1954.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Solheim, Tor Håkon: «Stanley Matthews» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. juli 2020.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.