Stasjonærmotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Gardner 4T5 4-sylindra stasjonær glødehovudmotor, nytta for å driva ein generator. No plassert på Anson Engine Museum i Stockport i England.
Ein gamal Nidaros stasjonærmotor, plassert på Norsk traktor og motormuseum.

Stasjonærmotor er ein forbrenningsmotor nytta for stasjonær drift. Slike motorar er ikkje så vanlege som dei ein gong var, men før elnettet vart utbygd var stasjonære forbrenningsmotorar utbreidde både innan jordbruk og industri.

Stasjonærmotorar vert framleis nytta der elektrisk energi ikkje er tilgjengeleg, som til dømes ved polare forskningsstasjonar, observatorie på fjelltoppar og så vidare. Med unnatak av småmotorar er moderne stasjonærmotorar dieselmotorar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste forbrenningsmotorane som var brukbare vart nytta for stasjonær drift. Dei var både lettare å passa og å transportera enn dampmaskinar. Dei var òg mindre brannfarlege enn dampmaskinar og sikrare på den måten at dei ikkje hadde nokon kjele som kunne eksplodera om han koka tør. Dampmaskinane vart difor etter kvart bytta ut med stasjonære motorar med intern forbrenning.

Sjølv om dei var meint for stasjonær drift var motorane transportable og mange av dei mindre stasjonærmotorane var utstyrte hjul eller meiar, slik at dei kunne flyttast. På grunn av at dei gjekk på billig råolje var mange av dei glødehovudmotorar, spesielt i Europa. Men bensin og parafinmotorar vart òg nytta.

Dei fyrste køyretøy- og båtmotorane skilde seg knapt frå stasjonær forbrenningsmotorar. Dei fyrste traktorane var i røynda stålrammer med hjul (ofte henta frå ein utrangert damptraktor), der det var plassert ein stasjonærmotor. Men etter kvart vart det utvikla lettare motorar for bruk i bilar.