Staup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ølstaup datert 1777. Staupet blei kjøpt inn i Vik i Sogn og Fjordane i 1877 til Nordiska museet i Stockholm, og er no på Norsk Folkemuseum (NF.1992-0630).
Foto: Anne-Lise Reinsfelt

Staup (norrønt staup) eller hankestaup er eit drikkekar eller beger.

Tradisjonelle staup[endre | endre wikiteksten]

Smørstaup frå Sogn og Fjordane. Lengd 24 cm. Staupet er no på Norsk Folkemuseum (NF.1894-0039)
Foto: Anne-Lise Reinsfelt
Staup kjøpt inn frå Framnes i Balestrand i Sogn og Fjordane i 1877 til Nordiska museet i Stockholm. Diameter 18 cm. Staupet er no på Norsk Folkemuseum (NF.1992-0692)
Foto: Anne-Lise Reinsfelt

Staup kan brukast som nemning på eit lagga kar av tre som typisk blei brukte til å drikka øl av. Slike staup er sylinderforma og har gjerne to symmetriske stavar utforma som hankar. Det finst også staup med ein, tre eller fire hankar.

Hankane på staup har ofte form som stiliserte hestehovud og nokre som utskorne fuglar. Hankestavane er oftast laga i bjørk, medan resten gjerne er laget i furu. Mange staup har ei vertikal rad på innsida med små metallstifter. Desse merkene markerer kor langt kvar enkelt skulle drikka når staupet blei sendt rundt blant gjestane. Dei fleste ølstaup rommer eit par liter, men det er bevart både mindre og større eksemplar.[1]

Staup er primært blitt brukt til å drikka øl av, men det finst også opplysningar om at enkelte staup kan ha vore brukt til mjølk. Hankestaup som drikkekar har først og fremst vore i bruk på Vestlandet, men både der og i Aust-Agder, Telemark og i Buskerud har liknande staup vore brukt til servering av ost og smør. I motsetnad til ølstaup har ostestaupa gjerne tre føter som er laga ved forlenging av kvar sin stav.[2]

Kjenger finst først og fremst i dei indre bygdene i Hordaland og Sogn og Fjordane, medan hankestaup har hatt størst utbreiing i dei ytre og midtre områda i desse fylka. Den store utbreiinga her har nok klar samanheng med at det nettopp er i desse områda at lagging og bøkkerarbeid har vore drive mest omfattande. Elles er hankestaup kjende frå Härjedalen og Småland i Sverige, frå Orknøyane og elles i Europa så vidt kjend berre i fjellområde i Romania.[3]

I mange bygder blei også staup brukt som nemning på eit beger i tre eller metall til servering av øl eller brennevin, og andre stader kunne ein kalla hankestaup for kjenge eller ølkjenge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Visted og Stigum (1951), s. 130.
  2. Gjærder (1975) s. 260.
  3. Gjærder (1975) s. 260.
Litteratur
  • Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø
  • Visted, Kristoffer og Stigum, Hilmar, (1951): Vår gamle bondekultur. Oslo.
  • Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]