Stavnsbandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stavnsband)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frihedsstøtten i København. Fotografert i 2005 av Hans Andersen

Stavnsbåndet var ei ordning innan landbruket i Danmark1700-talet. Ordninga vart innførd i 1733 av kong Kristian VI av Danmark-Noreg. Innføringa kom etter ynskje frå godseigarar og militære. Stavnsbåndet batt mannlege bønder mellom 14 og 36 år til å verta buande på det godset eller herregarden der dei hadde vorte fødd. Seinare vart ordninga utvida til å gjelda bønder mellom 4 og 40 år. Stavnsbåndet vart berre gjort gjeldande for Danmark, og ikkje i andre delar av Danmark-Noreg.

1730-talet var Danmark inne i ei landbrukskrise, som mellom anna skuldast sviktande etterspurnad frå land ein eksporterte til. Mange folk flytta frå landsbygda til byane. Slik vart det få folk att til å bu og leiga jord på storgardane. Militæret såg at rekrutteringsgrunnlaget til landmilitsen gjekk ned.

Stavnsbåndet vart opheva som ledd i ein landbruksreforma (Landboreformerne) av 20. juni 1788 med ei overgangsperiode fram til 1800. Kronprinsregenten, den seinare kong Fredrik VI av Danmark-Noreg, oppheva stavnsbåndet etter råd frå medarbeidarane sine

Det viktigaste resultatet av arbeidet til «Den Store Landbokommission» var opphevinga av stavnsbåndet. Ordninga vart oppheva gradvis og over lang tid. Ein frykta at samfunnet skulle gå i oppløysing, om ein fekk ei brå skifting.

I starten vart berre dei som var under 14 år løyste frå stavnbåndet. Etter ei tid òg dei som var over 36 år, og deretter dei som hadde gjort militærteneste.

Først frå og med året 1800 hadde alle bønder lov til i prinsippet å busetja seg der dei sjølve ynskte. Bøndene høyrde slik ikkje lenger med til eit gods sitt inventar.

Til eit varig minne om opphevinga av Stavnsbåndet vart minnestøtta Frihedsstøtten reist i København.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]