Føydalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein mann vert vasallen til kongen av Noreg. Initial frå Skarðsbók-manuskriptet.

Føydalisme eller feudalisme er eit arkaisk samfunnssystem med institusjonaliserte skilje mellom stender, der kongen eller keisaren som øvste herskar gav jord og makt til vasallar. Denne statsforma har røter langt attende i tid, og er mellom anna kjend frå tidlegare asiatiske samfunn. I Europa vert føydalismen særleg knytt til høgmellomalderen, frå kring 10001300, ofte under nemninga lensvesen. Det latinske ordet feudum tyder len.

Ein fekk ei desentralisering av forvaltinga, der vasallane fekk makt på kostnad av sentralmakta. Den økonomiske strukturen bygde på relativt økonomisk sjølvforsynte storgods, der bøndene arbeidde på godseigaren si jord og leverte frå seg store delar av utbytet i form av naturalia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Føydalismen oppstod i Frankrike700-talet og spreidde seg over heile Europa. Under det føydalistiske samfunnssystemet låg makta hjå fyrstar og lensherrar som hadde et lojalitetsband til keisaren eller kongen. Ved å stø keisaren militært fekk vasallane landområde som dei styrde over, og desse vasallane kunne igjen ha vasallar under seg som dei styrte over. Nedst på denne maktstigen var godseigaren, som styrde over dei produserande bøndene. Bøndene var ofte knytt til jorda dei dreiv og kunne ikkje fritt flytta frå garden. Dei bøndene som hadde lågast status var dei som var omfatta av liveigenskap.

Føydalismen var med andre ord ei samfunnsform som var prega av band mellom ulike nivå av over- og underordna, og som var gjensidig avhengige av kvarandre.

Under føydalismen vart overskotet i liten grad reinvestert i ny verksemd. Betaling gjekk for det meste føre seg i form av naturalia som korn og mjølk, noko som hadde samanheng med at naturalhushaldet dominerte.

Byar var på denne tida etablert, og her gjekk det føre seg noko handel på marknader, der jordbruksprodukt vart selde. Marknaden hadde trass i dette relativt lite å seia i føydalsamfunnet, sidan det meste av produksjonen til bøndene gjekk til eige forbruk og fordi handelen vart gjort først og fremst med den som stod over i hierarkiet.

I byane hadde ein gjerne laug, som var ein typisk organisasjonsform for forretningsdrift i mellomalderen. Desse lauga samla dei som dreiv innanfor ei og same næring, og var sterkt spesialiserte. Lauga hadde monopol innanfor sitt område og var difor sikra mot konkurranse. Meisteren avgjorde kven som skulle vera med og det var ikkje tillate å arbeida utanom lauget.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]