Stefania Belmondo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stefania Belmondo
Stefania Belmondo.jpg
Fødd 13. januar 1969
Vinadio
Yrke langrennsløpar
Stefania Belmondo på Commons

Stefania Belmondo (fødd 13. januar 1969) er ein italiensk tidlegare langrennsløpar frå Vinadio i provinsen Cuneo i Piemonte. Ho vart olympisk meister på 30 km i 1992 i Albertville og på 15 km i 2002 i Salt Lake City. Både i 1993 og 1999 tok ho to VM-gull, ved begge høva på 15 km jaktstart, samt fyrste gongen også på 30 km, medan ho i 1999 sigra på 15 km. Belmondo vann verdscupen i langrenn i 1999, og kom tre gongar på andreplass i same.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Frå 1991 til 2002 vann Belmondo seks gullmedaljar, ti sølvmedaljar og sju bronsemedaljar i ulike verdsmeisterskap og vinterleikar. Ho tok 13 VM-medaljar (4-7-2) og ti OL-medaljar (2-3-5), i alt 23 medaljar.

Belmono vart nummer to i verdscupen i 1991 og i 1992, begge gongane bakom Jelena Välbe frå Sovjetunionen. I 1993 hamna ho på tredjeplass, medan ho i 1997 var tilbake på andreplass, atter ein gong måtte ho si overkvinne i Jelena Välbe, som då representerte Russland. OL-sesongen 1998 vart Belmondo nummer tre att, før ho endeleg i 1999 vann verdscupen i langrenn for kvinner, framom norske Bente Martinsen. I sin siste sesong på toppnivå, 2002, var Belmondo med sin tredjeplass for sjuande gong ein av verdas tre beste kvinnelege langrennsløparar. Ho sigra i til saman 23 renn i verdscupen.

I 1997 vart Belmondo tildelt Holmenkollmedaljen, samstundes med Bjørn Dæhlie og Bjarte Engen Vik.

Under opningsseremonien til vinter-OL 2006 i Torino tende ho den olympiske flammen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar