Bjarte Engen Vik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjarte Engen Vik
Fødd 3. mars 1971
Tromsø
Yrke kombinertløpar
Bjarte Engen Vik på Commons

Bjarte Engen Vik (fødd 3. mars 1971) er ein tidlegare kombinertrennar og skihoppar. Han vann tre individuelle VM-titlar i kombinert og vart olympisk meister i 1998. Dessutan var han med å vinne to lagtevlingar under verdsmeisterskapar, samt lagtevlinga under OL i 1998. I alt vann han tolv (7-4-1) medaljar i dei store meisterskapane, fem individuelle og sju i lagtevlingar. Han vann verdscupen i kombinert i 1998 og 1999. Mellom mars 1996 og januar 2001 vann han 26 verdscuprenn. Han vart noregsmeister i kombinert seks gongar og fekk til to NM-bronser, den eine i skihopping. Vik, som representerte Bardufoss og Omegn Idrettsforening , hadde sin store styrke i hoppbakken.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Vik deltok i sin fyrste internasjonale meisterskap i Falun 1993, der han vart nummer fire i verdsmeisterskapen. Året etter fekk han bronsemedaljen i kombinertøvinga under OL på Lillehammer, etter å ha tapt spurten om sølvet mot Takanori Kōno frå Japan. Seinare i olympiaden gjekk han andreetappen for Noregs tremannslag i lagtevlinga. I ski-VM 1995 i Thunder Bay var han med å vinne eit nytt lagsølv for Noreg, den gongen eit firemannslag.

I 1997 tok Vik sølvet i kombinertøvinga i verdsmeisterskapen i Trondheim, vel halvminuttet bak verdsmeisteren Kenji Ogiwara frå Japan. Deretter gjekk Vik andreetappen på Noregs vinnarlag i lagtevlinga; dei andre på laget var Halldor Skard, Knut Tore Apeland og Fred Børre Lundberg. Under vinter-OL 1998 vart Vik dobbeltvinnar då han vann den individuelle øvinga framom Samppa Lajunen frå Finland, og sidan då han deltok for Noreg i lagtevlinga. I lagtevlinga hadde han hjelp av lagkameratane førnemnde Skard, Lundberg og Kenneth Braaten.

Vik vart individuell verdsmeister for fyrste gong i Ramsau am Dachstein i 1999. Han vann då normalprogrammet i kombinert med to hopp i hoppbakken og eit langrenn over 15 kilometer. Sidan vann han også ei såkalla sprinttevling (halvprogram), ei då fersk øving som stod på VM-programmet for aller fyrste gong. I begge tevlingane sigra han med om lag eit halvt minutts forsprang til høvesvis Samppa Lajunen og Kenji Ogiwara. I lagtvelinga i Ramsau vart det norsk sølv med Vik på sluttetappen.

Vik tok sine siste gullmedaljar i ski-VM 2001 i Lahti. Han sigra i normalprogrammet med over eit minutt til Samppa Lajunen, medan han i sprinttevlinga vart nummer ni. Vik gjekk så tredjeetappen for Noregs lag som gjekk til topps i lagtevlinga, elleve sekundar føre Austerrike. Kenneth Braaten, Sverre Rotevatn og Kristian Hammer var dei andre på meisterlaget.

Frå 1996 til 2000 vann Vik kvart år kombinert-øvinga i Holmenkollrenna, ein prestasjon som berre Lauritz Bergendahl, Johan Grøttumsbråten og Rauno Miettinen kunne vise til.

Vik la opp som kombinertrennar i 2001.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Number Bjarte Engen Vik Nagano.jpg

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1992: Nr 4 i kombinert i Trondheim
  • 1994: Nr 5 i kombinert og nr 7 i skihopp normalbakke i Vegårshei
  • 1995: Nr 5 i kombinert i Oslo
  • 1996: Gullmedalje i kombinert i Stryn
  • 1997: Gullmedalje i kombinert i Mo i Rana
  • 1998: Gullmedalje i kombinert i Berkåk og bronsemedalje i skihopp normalbakke i Trondheim
  • 1999: Gullmedalje i kombinert på Raufoss
  • 2000: Gullmedalje (normal) og bronsemedalje (halvprogram) i kombinert på Vang i Hedmark
  • 2001: Gullmedalje i kombinert på Steinkjer

I 1997 vart Vik tildelt Holmenkollmedaljen, saman med Stefania Belmondo og Bjørn Dæhlie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]