Stein Haugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stein Haugen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. januar 1933
Lom kommune
Død

31. mars 2008 (75 år)
Bærum kommune

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960

Stein Erik Haugen (10. januar 193331. mars 2008) var ein norsk friidrettsutøvar og politimann frå Lom som sanka seg 22 medaljer i noregsmeisterskap i tida 1953 til 1967, 14 i diskos og 9 i kulestøyt. Han vart norsk meister i diskoskasting sju gongar på rad, 1958-64, og vann også to NM-gull i kulestøyt, 1959 og 1960. Haugen forbetra den norske diskosrekorden seks gongar, og kulerekorden to gongar. Hans personbeste i kulestøyt frå 1961 var 16,42 m, i diskoskasting nådde han 56,37 m i 1964.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Haugen var ein årviss medaljevinnar i friidretts-NM i tida 1955-67, då han fekk med seg heim minst ein medalje i anten kulestøyt eller diskoskasting. Han vann sin fyrste NM-tittel i 1958 og sette sine fyrste norske rekordar i 1959-sesongen. Den 28. mai 1959 sletta han den elleve år gamle diskosrekorden på 52,32 m, tilhøyrande Ivar Ramstad, då han i Sarpsborg smelte til med 53,50 m. Like etter sende han også den sju år gamle kulerekorden til Per Stavem over i soga, då kula landa etter ei luftferd på 16,08 m på Bislett stadion.

Sommaren 1960 støytte han så kula 16,14 m under eit stemne i Halden. Sitt endelege personbeste på 16,42 m oppnådde han i september 1961, i landskampen mot Frankrike og Jugoslavia i Paris, men før den tid hadde Bjørn Bang Andersen støytt 16,75 m.

Den norske rekorden i diskoskasting forbetra Haugen to gongar i OL-sesongen 1960. I byrjinga av juni månad la han på vel ein meter til 54,54 m i Stockholm, knapt to månader etter plussa han på 14 cm til 54,68 m på Bislett stadion. Han deltok i diskos under Sommar-OL 1960 i Roma, med 53,36 m enda han på ellevteplassen. Haugen deltok elles EM 1958 og EM 1962, begge gongane rauk han ut i kvalfiseringa.

Haugen heldt fram å forbetre den norske diskorekorden. Den 17. september 1961 passerte han 55-meterstreken med 55,82 m. Han auka til 56,29 m i slutten av august 1963, begge desse rekordane sette han på Bislett stadion. Sin siste noregsrekord, og hans aller lengste diskokast, presterte han med 56,37 m i eit stemne på Stockholm stadion 24. juni 1964.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1953: Sølvmedalje i kulestøyt – 14,13 m, bak Sverre Øverby
  • 1955: Bronsemedalje i diskoskasting – 44,96 m
  • 1956: Sølvmedalje i diskoskasting – 47,69 m, bak Reidar Hagen
  • 1957: Sølvmedalje i diskoskasting – 47,30 m, bak Reidar Hagen
  • 1958: Gullmedalje i diskoskasting – 50,33 m, framom Reidar Hagen
  • 1959: Gullmedaljar i kulestøyt – 15,53 m, og diskoskasting – 50,79 m
  • 1960: Gullmedaljar i kulestøyt – 16,04 m, og diskoskasting – 53,75 m
  • 1961: Gullmedalje i diskoskasting – 54,56 m, og sølv i kulestøyt – 15,86 m
  • 1962: Gullmedalje i diskoskasting – 53,38 m, og sølv i kulestøyt – 16,07 m
  • 1963: Gullmedalje i diskoskasting – 54,38 m, og bronse i kulestøyt – 15,71 m
  • 1964: Gullmedalje i diskoskasting – 54,05 m, og bronse i kulestøyt – 15,58 m
  • 1965: Bronsemedaljar i diskoskasting – 50,78 m, og i kulestøyt – 15,82 m
  • 1966: Sølvmedalje i diskoskasting – 51,00 m, bak Tormod Lislerud (51,04 m)
  • 1967: Sølvmedalje i diskoskasting – 53,22 m, og bronse i kulestøyt – 15,33 m

Haugen var busett i Bærum i Akershus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]