Eivind Mo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind Mo
Fødd20. desember 1904
Død1995
OpphavNoreg
Verka sommusikar
PrisarKongens fortenestmedalje

Eivind Mo, fødd i Rauland 20. november 1904 og daud i Seljord 1995, var ein kjend spelemann frå Telemark.

Eivind vart fødd på garden Øvre Mo av Gunhild og Halvor Mo. Mor hans var syster av spelemannen Høye Kvåle frå Seljord, og Eivind Mo voks opp i eit rikt spelemannsmiljø. Morbroren vart den første læremeisteren hans, og kom på vitjing kvar sommar i oppvekståra. Frå Høye Kvåle fekk Eivind Mo mange slåttar etter Håvard Gibøen. I barneåra råka Eivind òg borti spelemannen Eilev Smedal, som var innom på Mo.

I oppveksten var elles Olav Groven ei viktig kjelde for Eivind Mo, og dei møtte kvarandre mange vender. Det var Olav som sytte for at Eivind fekk seg ei skikkeleg fele.

Då han var seksten år, stilte Eivind på Kappleik fyrste gongen, og vann fyrstepremien i yngste klassa. Frå no av tok han til å reise ute med fela, og vart meir vidgjeten og etterspurd. Nett på denne tida vart det vanleg at spelemenn fekk laga innspelingar, og Eivind Mo var tidleg ute etter desse. Slik fekk han høyre mykje spel frå andre landsluter.

I 20-åra var Eivind mykje på spelferd i lag med Olav Groven, og desse to var både vener og rivalar.

Etter 1930 tok Eivind Mo det meir roleg med spel. Han gifte seg med Tone Knutsdotter Li i 1931, og ho spela òg fele. Ho spela mykje etter Torkjell Haugerud. Eivind lærte seg mange Haugerudslåttar av kona si. Fram til 1959 dreiv Eivind mest gard i Brunkeberg og Seljord, med frå då vart han banksjef i Seljord sparebank, noko han dreiv med til han vart pensjonist i 1974.

Frå han var om lag sytti år, tok Eivind Mo til å spela meir, og tok del i kappleikslivet att. Han heldt det gåande som spelemann til han var om lag nitti år, og vart heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn i 1979. Under LandskappleikenRauland vart han heidra med ein eigen konsert, og var no ei særs etterspurd kjelde for yngre spelemenn frå Telemark, mellom dei Per Anders Buen Garnås, som seinare omtala Eivind Mo med stor takksemd.

I seinare år var Eivind Mo kjend som ein noko pertentleg spelemann og ein stri kritikar. Han åtte klår formsans, og var mykje nytta som dommar på kappleik. Samstundes var han byrg av stillinga si som tradisjonsberar, og i eit seint intervju tolka den yngre spelemannen Stein Versto spelet hans slik:

Her gjeld ikkje noko utanomsnakk.

Dette er klår tale.

Eg dreg eit forheng til side og viser dykk noko som ikkje finst ord for. Men her er det. Og nett fordi der ikkje finst ord, nett fordi dette berre kan visast, berre kan spelast, er det at eg held ut å vise det. Det er så sterkt at det berre så vidt er til å bera.

Sjå. Og Høyr. Lyd etter. Det er ikkje mitt, einast. Det høyrer til alle.

Men det er meg det går gjennom no. (Stein Versto).

Eivind Mo fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1990. Han døydde i 1995.

Slåttar skrivne ned etter Eivind Mo[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har trykt opp sju slåttar etter Eivind Mo, skrivne ned av Truls Ørpen, Eivind Groven og Sven Nyhus.

  • Jåle-Ragnhild, nr 487b. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak. Slåtten er etter Olav Groven. Slåttenamnet skri seg frå ei jente som var mykje ute med arbeidskarane på gruveverket Gullnes.