Aslak Versto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Aslak Versto
Fødd 20. desember 1924
Død

25. november 1992

Aslak Versto (20. desember 192425. november 1992) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Vinje i Telemark. Han representerte Telemark og ArbeidarpartietStortinget frå 1969 til -77. Versto var son til Olav Versto og far til journalistane Olav og Astrid Versto og forfattaren Stein Versto.

Aslak Versto gjekk skuleåret 1939/40 eittårig mellomskule og sidan handelsskule. Frå 1943 var han med i Milorg, samstundes var han òg i arbeid på heimegarden. Tildelt Deltakarmedaljen i 1945. Frå 1948 dreiv han eiga transportverksemd til 1958. Han dreiv sidan garden Tveito i Vinje til han døydde.

Perioden 1947–51 var Versto medlem i formannskapet i Vinje. Seinare var han ordførar i til saman 20 år, fyrst frå 1960 til -71 og sidan 1980-87. Hausten 1969 var han Arbeidarpartiet sin fyrstekandidat i Telemark og var dermed sikra plass på Stortinget 1969-73, attvald til valperioden 1973-77. Dei fire fyrste stortingssesjonane var han medlem i Industrikomiteen, dei fire siste i Kommunal- og miljøvernkomiteen.

Versto var i si tid formann i Telemark Mållag, medlem 1972-88 i Norsk språkråd og frå 1965 aktiv motstandar av USA si krigføring i Vietnam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]